- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
57

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

57 HJAA HO MOR



Pastor Pukstad hadde ei Mistru som han ikkje kunde
koma ifraa; han var rædd at Fru Kahrs, liksom fyrr
Mannen hennar, hadde eit Drag mot Grundtvigianismen.
Det vilde vera ille, meinte Presten, um eit Livssyn som
var so lite heilsamt skulde faa Magt i Kristiansborg;
og so arbeidde han imot Fru Kahrs so godt som han
kunde. Men berre stilt, daa han dessverre ikkje hadde
noko visst aa halde seg til. Og han vilde paa ingin
Maate, ikkje for Guds Rike si Skuld dessmeir, vike av
fraa den strenge Sanning. Han berre drog paa det,
naar han tala um henne, so dei eldste i Soknelage
kunde bli orvakne; og dei eldste i Soknelage vart
orvakne. Det vart heller aalment aa draga paa det, naar
ein tala um Fru Kahrs. Likevel berga ho Skulen sin
uppe; men det kom av at der ikkje var nokon annan
slik Skule paa Kristiansborg.

Fru Holmsen var leid for at Skulen ikkje var heilt
ut godkjend. Men den som ikkje kunde faa det beste
fekk vera glad med det næstbeste; Skulen til Fru Kahrs
var daa mykje betre enn Aalmugeskulen, der dei simple
hadde sine Born. Og ho gjekk paa Helsing til Fru
Kahrs og takka fint for at Fanny fekk gaa hjaa ho;
dermed vart det liksom tryggare, totte ho, og meir
avgjort.

— So sat Fanny ved Pulten sin mest kvar Dag,
aalvor-sam og vaksi, stava, skreiv Strik eller høyrde Forteljingar.

Dei fortalde mangt, Læremødrane her; ymist av det
var morosamt. Men morosamast var det mest, naar
Smaagjentune skulde fortelja upp att. Dei fleste av
Smaagjentune var so ille styvne, maatru. Dei hugsa
mest ingin Ting. Daa lo Fanny. Og ho rette Handi
i Vere so høgt som ho kunde naa: „eg kann det,
Frøken! maa eg segja det, Frøken!" Ho fekk segja det.
Og so vart dei andre ynkeleg skamfulle. Men Fanny
sette Nos i Sky. Sjaa det! sagde Frøkni; ho som
er so lita, ho kann det; men du som er so stor og
lang, du stend der so dumb som ein Fisk!

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:25 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1908/0063.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free