- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
58

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

58

HJAA HO MOR

Det hadde vori Meiningi at Fanny berre skulde høyre
paa; men snart var ho med i alt liksom dei andre.
Fortelja var ho best til. Ho hermde det ho hadde
høyrt, so plent og med slik ein Ihuge, at det vart
heilt-upp løglegt. Best gjekk det for Fru Kahrs; dei Sogune
ho fortalde var alltid so lette aa hugse. Du er glup
lel, du, Krulltoppen, hm? sagde Fru Kahrs med den
vene Smilen sin og strauk henne gjenom Haare; sidan
vilde nok ikkje Fanny vera Jamlikar med kven-som-helst.

Ho lærde snart aa graate og hava Hovudverk naar
ho totte langt; for so fekk ho gaa heim. Lovnaden
um at ho skulde vera snild Gjente, den heldt ho ikkje
stødt; ho laut leda paa seg ender og daa, og det kunde
ikkje gaa av utan Staak; eller det var eitkvart ho plent
maatte fortelja Ebba; og so svara Ebba, og so maatte
Fanny svara att; eller ho kunde koma til aa blinke
ned til Johanne Evensen, og strakst tok denne til aa
knlse og læ; stundom kunde det og vera fælt løglegt
aa stikke Gina i Armen med ei Knappenaal. Slikt
hende jamvel i Timane aat Fru Kahrs. Daa saag Fru
Kahrs forbina paa ho: er det du, Krulltoppen? spurde
ho. Det var fælt harmelegt. Alltid skulde slikt koma upp.

Gina og Ebba var Storfolke i Klassa; Fanny au
vart rekna med, noko for Selskap Skuld, og noko av
di Foreldri hennar hadde vori rike. Storfolke skilde
seg vel ut ifraa den andre Hopen, og heldt ihop i likt
og ulikt, so nær som naar dei var Uvenir. I Skulen
sat dei tett ihop paa fremste Benken og kvisa og
kviskra berre seg imillom ; i Fristundom leika dei ikkje
med dei andre, men gjekk „Spaserturar". Gud veit
kva det var dei alltid hadde aa svalle um og gama seg
med; ingin fekk vita det; men jamt naar ein raaka
deim stakk dei sine Hovud ihop og lo. Den andre
Hopen lika deim ikkje, og dei vart hædde og aatfunne.
Eit Utnamn fekk dei au; dei vart kalla for „dei fine".

Men dei fine vart Uvenir stundom. Den av deim
som var tykki eller kjende seg meinhaldi gjorde seg

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:25 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1908/0064.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free