- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
60

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

60

HJAA HO MOR

Fanny tok til Graaten og lova paa det at ho aldri vilde
snakke med Ebba meir; Gina vart tagall og gjekk.
Den Gongen var dei Uvenir minst dubbelt so lengi
som vanleg. —

— I Jola kom Onkel Solum paa Gjesteferd. Fanny
fekk ei graa Vinterluve av han og ei drusteleg Dokke.
Denne Dokka fekk Namne Amanda. Rosalie, som
Bokbindar Lundstrøm hadde gjevi henne Aare fyrr, var
nettupp god nok til aa vera Kammerpike hjaa Frøken
Amanda.

Det vart ei morosam Jol. Alt Slag god Mat var det
Nøgdi av; og ho Mor var i slikt eit Godlag, at Fanny
fekk vera ute og snøballast med Gutane so mykje ho
berre brydde seg um. Framifraa fjaag var ho Mor den
Kvelden daa Onkel Solum var hjaa deim; og det var
ikkje Under; for Onkel Solum var svært snild. Fanny
sat paa Fange hans mest heile Kvelden og prata. Han
fortalde um alt det gilde han hadde i Kristiania; millom
anna hadde han ein Flokk Smaagjentur; og so hadde
han ein Gut som heitte Jens. Det var ein framifraa
Gut; og so var han nett jamgamall med Fanny. Den
Guten skulde ho faa, naar ho vart stor. Ja, du vil
vel ha han? — Ja daa; er han fin, so vil eg ha’n. —
Men du hev ein Kjærast fyrr, veit eg? — Ja han er
og fin; og tenk, so fær eg tvo Kjærastar, Mor’! —
Ha-ha-ha; aa du Krulltoppen!

Det var ein Dag seinare; Fanny hadde vori ute med
Gutane paa Snøballing. Ho kom skrikande heim, reint
kvit av Snø, og hadde fengi ein Snøball i Andlite so
hardt at ho blødde Naseblod. Daa var Onkel Solum og
heime. Ho vart framifraa vel fagna av Mor og like
eins av Onkel Solum; ho fekk Kaffi og Kake, vart
vaska og fekk skift Klæde og var snart i Stell att.
Daa Onkel Solum hadde gjengi, sagde ho Mor: no
tenkjer eg me fær Tom og Lea heim att snart; blir
ikkje det gildt, Krulltoppen? — Jau, sa Fanny. Strakst
etterpaa lagde ho til: Onkel Solum er snild, Mor. —

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:25 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1908/0066.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free