- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
79

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

79 HJAA HO MOR



Aare kann alltid vera jamgodt med Tæring. — Ikkje
for det; det er visst ingin som ynskjer Live av ho;
men det er daa eit Hendelse at ein stødt skal mistaka
seg; aldri kann det gaa, som ein tenkjer!

Fanny aat paa Skiva si og glodde; kven er det, de
røder um? spurde ho. Ja-ha; det er det, sagde
Gamle-Kari. Ish, du daa, Trestakken; kven er det de røder
um, Mor? — Det er eit Menneskje som ikkje du
kjenner; berre teg no still du, og ikkje bry deg um oss.
— Uff; de er so leide so!

Gamle-Kari tala Trøyst til ho Mor; Kjakane hennar
arbeidde som ein Blaasebelg. Berre drikk no Øle
ditt, Margrete, sagde ho, og tak det med Ro! Det
gjev seg i Enden, sagde Reipslagaren; og ein skal
tegja med’ ein tygg, og ikkje taka Hatten av, fyrr ein
ser Mannen; du hev ikkje noko aa graate fyri, du?
Det er daa kje noko um-aa-gjera, veit eg? Ho Mor
vart liksom lite trylt; er du kje klok du? sagde ho;
du trur daa vel ikkje, at . . . — Nei nei; nei nei;
inkje vondt meint, ikkje vondt meint; du skal kje ta det
so braadt, Margrete! Haa, haa, den Ungdomen; stødt er
det so paa Live med alt. Eg er gamal, eg; eg hev set
noko av kvart Slag; jagu gjeng det an alt, Margrete! no
banna eg visst. Sjaa no Fru Thorne. Ja dei kallar ho for
Frue; men du veit kva Slags Frue ho er. Køyrer kje
ho Byen rundt med Majoren sin, og steller Huse for
han, og tek imot Gjestine hans, og er so fin og ferm
at det er Skil paa! Eg ser ho kvar Dag, eg, og gjeng
Ærend for ho, og kjenner ho godt; du hev visst aldri
høyrt meg segja eit vondt Ord um henne! Nei, for
eg segjer reint ut: kann kje ho vera like god for det,
naar ho elles er bra og snild? Betalar godt gjer ho,
og eit greidt Menneskje er det i alle Maatar; ja det er
kje nokon, som segjer noko paa ho heller! Berre lat
det skure du, Margrete, og tenk paa at du hev det
godt; det er nok andre Tidir no enn daa me gjekk og
tagg Jordeple og Sild av ’n Haltemikkel! —

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:25 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1908/0085.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free