Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
78
HJAA HO MOR
aa for snilde Folk . . . no kunde daa kje
Sködespela-rane staa imot lenger. „Fru Mühlberg! Fru Mühlberg!
det kjem meir! det kjem meir!" — Duken vart dregin
til Sides; ho i Silkekjolen kom fram, førd av Kapteinen;
no byrja det, no byrja det . . . uff! Dei berre bukka
og nigja. So gjekk Duken ihop att. „Kom, Fanny!"
sagde Fru Mühlberg. Fanny kjøvde Graaten med
Nagg og Naud; alle Folk gjekk; der var inkje meir
aa gjera.
Ho tagg seg med paa Teatre alle fem Gongine der
var Spél; umframt „Reisen til Kina", som vart teki
upp att, men ikkje haldi fram lenger enn fyrste
Gongen, fekk ho sjaa „Den svage Side" og tri løglege
Smaastykke. Resten av Sumaren livde ho reint i
Teaterrus. Allstad der ho kunde faa nokon til aa høyre paa,
spéla ho Smaastykke og song Teaterstev; helst freista
ho aa herme Fru Hedewig, ho i den roseraude
Silkekjolen. Aa; den som kunde faa seg slik ein Kjole ein
Gong; ein ljosraud Silkekjole med Slæp! Det vilde
vera noko anna enn denne Sekken av graa Cord, som
ho no maatte gaa og vabbe i, og som tilmed ikkje
naadde henne lenger enn til Knes ... og ho, som
visst hadde for store Føtar ... — Uff! den som var
framsloppi. —
— Mor kom att fraa Kristiania og var i Ulag. Fanny
fekk ikkje Greide paa kva som var i Vegen; det var
visst berre Gamle-Kari som visste noko; men naar ho
og Mor rødde ihop, kunde Fanny ikkje skyna kva dei
tala um.
Eg tenkte mest Vaarherre hadde vilja laga det for
meg no att, sagde ho Mor ein Kveld; det var
Dok-tarord for, at det ikkje kunde vara lengi. —
Doktar-ord ja; haa, haa! Sit paa det, so blæs det ikkje burt,
sagde Gamle-Kari. — No er det ein annan Doktar
som hev sagt noko anna; det er ikkje Bringa, segjer
han; det er berre det at ho er for veik; ho trottar kje
alle Barnsengine ... — Nei nei; eit Barn for
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>