- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
81

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

81 HJAA HO MOR



Dei var ikkje lenger i Tvil um sitt Kall; dei skulde
alle tri gaa til Teatre. Kunde det ut-tenkjast noko
meir faamut og keidt enn aa gaa her heime og bli
gift med ein Kaupmann eller Kantorkar? Det var
underlegt at nokon kunde lata seg lite med noko so
smaatt. So snart dei var framslopne vilde dei til
Hovudstaden og i Lære. Derifraa gjekk Ferdi til
Kaupen-hamn, der det beste Teatre var; sistpaa vilde dei til
Italia. Alle Kunstnarar maatte ha vori der eit Bil,
fortalde Ebba; det hadde Mor hennar sagt. Og so
vilde dei heim att og freiste seg. Daa vilde dei alle
tri vera klædde i ljosraude Silkekjolar med lange Slæp;
og dei vilde hava Fyrstespéle sitt alle paa ein Gong,
og i same Stykke. Men det maatte helst vera eit
Stykke der det var tri Sjøoffiserar, so dei kunde faa
kvar sin.

Dei snakka seg upp, so dei snart ikkje tottest kunna
drygje til dei var framslopne. Dei lagde upp Raadir
um aa røme; tenk um dei kunde koma burt fraa denne
keidsame Smaabyen snart. Det var greidt at Ferdi
vilde bli mødesam; men so vilde ho bli forvitneleg og,
maatte ein tru. Tenk, tri vene Smaagjentur syngjande
utanfor Dørom til Folk; so kom dei til eit Slott; der
budde det ein General, kannhende ein Prins; han kom
ut og fekk sjaa deim; „naa, kvar skal dei Smaagjentune
av?" — „Me skal til Italia og bli Kunstnarar." —
„Nei, jaso; skal de det?" Den høge Herren vart
svært forvitin. Og Gud veit kva det sidan kunde bli
av dette; for det høvde seg so, at han nettupp hadde
tri Sønir; og dei Sønine raaka til alle tri aa vera
Sjøoffiserar . . .

Det vart til det, at dei for det fyrste slog seg til Ro.
Gina meinte dei burde lære Tysk, fyrr dei vaaga seg
ut i Verdi. Og so kunde dei taka Upplæring i
Piano-spél so lengi; det var noko ein laut kunna, det og.

Etterkvart gjekk det til Nedfalls med Teatre paa
Høytreve. Dei spéla Bryllaup so lengi, til dess dei

6 — Garborg. II.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:25 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1908/0087.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free