Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
82
HJAA HO MOR
tok til aa leike Bryllaup; og snart var det Sogune fraa
fyrre Aare som fekk Magt med deim att.
Paa nytt Lag leita dei upp den myrkaste Kroken
paa det myrke Treve. Der krudde dei seg ihop og
gav seg burt i Draumane sine. Det var so umaateleg
mykje som dei ikkje forstod. Og det var alt ihop so
fælande ufjelgt. Kor kunde det no t. D. lata seg gjera
aa føde Born? Tenk, desse store Borni, som var mykje
større enn Dokkune vaare; korleis kunde det gaa til?
Og kvifor var det berre gifte Folk, som fekk Born?
Det var Gud som skapte Borni; det visste me; men
at det daa skulde turvast aa gifte seg fyrst? Sant nok;
Jomfrua hjaa Andreassen hadde fengi Barn, endaa ho
ikkje var gift. Men so hadde Andreassen vorti lagd ut
til Far aat Barne; og kva vilde det segja, tru, aa vera
Barnefar? Og korleis kunde han vera Far til Barne
aat Jomfrua, naar han samstundes var gift med Kona si?
Det var fælt so flokut som det var. Det eine var
rarare enn det andre, og inkje hekk ihop; dei kunde
svalle og undrast so mykje som dei vilde; like nære
var dei, og Emne var like utømelegt.
Tankane vart til Leikar. Fraa Festemaal og Bryllaup
naadde dei til Barnsengi. Dei stoppa seg ut og var
med Barn; so kom Nærkona og Doktaren; og etter
mange og lange Ridir var ei Dokke fødd. Forunderlege,
ufagre Ting fann dei paa uppe i Halvmyrkre sitt; og
dei gjekk pinte av Draumane sine som under ein
Trolldom.
Alt anna i Verdi vart meir og meir ulidande
keid-samt. Det var kje Moro i Fritidom dessmeir, utan
naar dei fekk vera saman. Allvisst Fanny hadde det
leidt. Naar ho var for seg sjølv, ottast ho so ille for
Vaarherre.
Ho kjende dei njosnande Augo hans i Ryggen; ho
hadde han etter seg stødt, lurande og lydande. Uff,
kvi skulde det vera ein slik . . . nei, nei, ho meinte
det ikkje, ho meinte det ikkje; det var greidt at det
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>