- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
94

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

94

HJAA HO MOR

fælt strengt her. Ikkje i Fristundine dessmeir raadde
ein seg sjølv. Ein maatte vera paa Leikvollen anten
ein vilde eller ikkje; og der gjekk det tvo Læremødrar
og gjætte deim. Under Uppsyn var dei alltid og
allstad. Dei hev Augo med oss, um me so er der eg
ikkje vil nemne! sagde Emilie.

Leikvollen var bytt i tvo med ein høg Plankegard;
Gjentune var paa den eine Sida, Gutane paa den andre.
Det var fælt til Staak Gutane heldt, og det maatte vera
urimeleg morosamt aa sjaa kva dei hadde for seg.
Det var Rlvur i Plankeverke au, som ein kunde sjaa
igjenom; men det var forbode aa staa der og glo; og
so laut ein lite seg med aa kike lite ender og daa,
naar Uppsyne snudde Ryggen til ein. Det var likt til
at Gutane paa si Side gjerne vilde vita kva Gjentune
tok seg til; det stakk seg Hovud upp yvi Plankegarden
kvar Stundi og dukka ned att; det var greidt at Gutane
hadde Gjætarar yvi seg, dei med. Stundom fekk
Fanny sjaa William. Daa vart ho fjaag av Von; tenk,
um det var henne han saag etter.

Fanny var betre Manns Barn og hadde vori paa fin
Skule; ho var vyrd her, og iser vart Emilie Lund
upp-glødd for henne. Dei tok til aa halde ihop, dei tvo.
Emilie saag meir barnsleg ut enn ho var; i Røyndi
forstod ho seg godt paa Fantestykke. Det gjekk ut yvi
Kameratar som dei ikkje lika, og so yvi „Frøknerne".
Fanny innførde Versekunsten sin fraa Kristiansborg;
snart mulla det med Slengjestev i alle Troppir og
Gangar, so snart ei Læremor synte seg: „Frøken Hansen

— er rent fra Sansen"; „Frøken Sand — vil ha sej
ein Mann". Det var ei halvgamal Frøken som hadde
Ord for aa drikke; henne var dei serskilt leide med.
„Frøkna vaar — tar sej en Taar — og er tretti Aar

— paa hvert Laar", lydde Verse. Ein Dag fann Emilie
Lümmeflaska hennar; daa Frøkni etter Frikortere kom
inn i Klassa, stod Flaska og sprikte midt uppaa
Lærar-stolen. Ei Frøken Berg var der, som dei sagde gjerne

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:25 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1908/0100.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free