- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
93

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

93 HJAA HO MOR



dei breide Steintroppine totte Fanny at ho fraus.
Skuleromi var store og firkanta; det glodde tomt fraa
kalkslegne Veggir. Og Golvi var svarte etter alle
dei søylute Skorne, endaa det var Skuring paa deim
kvar Dag.

Betalingsskulen var i tridje Høgdi, Friskulen
nedan-under. Der var stor Skilnad, Gudskjelov. Gjentune i
Betalingsskulen saag ut som hjaa Fru Kahrs umlag;
men dei paa Friskulen var fælande simple. Tenk, dei
fleste av deim var kje skikkeleg underklædde dessmeir.
Ofte vanta baade Bukse og Understakk; dei tunne
blaa-magre Ungane hadde inkje yvi Nakenskapen sin anna
enn dette vesalle, lappute Kjoleplagge som snaudt nok
hekk ihop. Ein kunde liksom sjaa tvert igjenom deim.
Uff, at dei var god-for aa gaa soleis. Hoste og Krim
hadde dei jamt, so det reint var ufysi; og ymis
Vesaldom drogst dei med, hadde Utslætt, Saar paa Lippune,
vondt i Øyro, Kjertlar. Gjentune i Betalingsskulen
heldt seg fraa deim so mykje som dei kunde; men i
Fristundine var ein nøydd til aa vera saman med deim;
der var ikkje meir enn ein Leikvoll.

Betalingsskulen var ikkje berre finare; ein lærde
meir au der. Dei hadde Timar i Historie, Geografi,
Stilskriving, Teikning. Underleg nok vart dei upplærde
i Handarbeid og; det lika ikkje Gjentune paa
Betalingsskulen. Kvi skulde dei lære aa lappe og stoppe, dei?
Skulde dei gjelde for simple likevel ? Var det nokon
som innbilte seg, at dei vilde bli Tenestgjentur? —
Seks Timar um Vika hadde dei Handarbeid, og alltid
tvo Timar um Gongen. Tvo stive, lange Timar maatte
dei sitja og hange yvi det Herke. Dei forgjekkst av
Hugløyse. Fanny maatte mest halde med den vesle,
kvike Emilie Lund: fyrr eg vilde vera nøydd til aa sitja
med slikt, fyrr vilde eg vera Skjenkjetaus paa ei
Matros-Sjapp! sagde ho.

Men her nytta det ikkje aa bjode imot. Var ein
uskikkeleg, vart det meldt til Overlæraren. Det var

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:25 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1908/0099.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free