Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
96
HJAA HO MOR
Dag og fortalde henne, at Johan hadde kyst meg; og
det tolde ho ikkje. Aa, so sint som ho vart! —Jaso.
— Fanny hadde dregi seg inn i seg sjølv; ho var reint
forstøkt av Emilie. Denne heldt ved: eg skal segja
deg: det er meg han vil ha ; Karoline vil han berre
ha so til aa halde Moro med. — Jaso. — Trur du
meg ikkje kanskje? — Kor kann du vita, at han ikkje
vil ha deg au til aa halde Moro med daa? — Meg?
Emilie lo med sin vesle kvitrande Barnelaatt; trur du
eg er slik, du daa? —
Stakkars Emilie; det var Karoline som skjemde
henne ut. Karoline var leid i Røyndi. Ho kunde
fortelja Sogur, som — uff! Og det baade um vaksne
Folk og um Born. Ja tenk, ho trudde der var Born
og, som —. Naar ho var vond paa Johan, fortalde ho
at han var ein speleg Kar, som var i Lag med
Smaa-gjentur paa stygg Maate; ja han var endaa so simpel
at han hadde Kjærastar i Friskulen. Og Gjentune i
Friskulen kjende me nok; Karoline visste um den og
den, som alt hadde vori paa Stasjon. Og so den
ulik-lege Maaten ho fortalde paa! Det som Fanny og Lage
hennar i Kristiansborg snaudt hadde tort kviskre um i
den myrkaste Kroken av eit myrkt Loft, det nemnde
ho berre lett, reint som ingin Ting, utan Skam; ein
skulde tru ho sjølv kunde vera med paa noko av kvart
. . . aa fy, kor ho gjorde seg ufin.
Nei; daa var det meir Hugnad aa vera i Lag med
Ingeborg og Anna. So snart Skulen var slutt og
Middagen etin, hasta ho ut paa Bakken ovanfor Huse, der
dei hadde Møtestaden sin; der raaka ho deim; og so
rødde dei um William til han kom sjølv; og naar han
kom, so var det berre morosamt i Verdi.
Ho var hugteki som ei Rotte i ein Ost, og sveiv
ikring han som ei Flugu um Ljose. Han var so
nauende ven at ho kunde eta han. Ho umstraala han
med glimande Augo og tannkvite Smil; det søtaste i
Verdi var aa koma nære han, halde Handi hans, snaave,
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>