- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
97

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

97 HJAA HO MOR



dette yvi han, kjenne han innaat seg, Likam ved
Li-kam. Ingeborg og Anna sveimde ikring han paa same
Vis. Og dei lo Gjentelaattar og skreik med smaae
kipne Skrik, liksom dei vart kitla.

Dei hadde trutt seg til kvarandre og fortalt at dei
elska han; og sidan var dei Bestevenir. Fanny tala
um Kjærleiken sin med Ord fraa Bokhandlar
Andreassens Leige-boksamling; og Ingeborg og Anna sagde ja
og sukka. Aa, slik ein staut Gut. So nobel og elegant.
So byrg og so ædel. Ja, ædel. Gud veit kven det
var han var glad i. Men dei vart samde um, at den
av deim som var so sæl at ho fekk han, ho skulde
taka dei tvo andre i Huse til seg; og so skulde dei
hava han ihop. For de kann vita me vil aldri i Verdi
ha noko slikt stygt for oss som süme hev, sa Fanny
og saag burt; — aa fy! nei, kviskra dei andre; daa
Smaagjentune etterpaa fann att Augo til kvarandre,
saag dei med ein Gong at dei alle visste um det.

Fanny hadde ein Tanke um, at det var ho sjølv som
var den utvalde; og ho sette seg fyri at ho vilde faa
han til aa segja det ein Gong. Uvissa kunde ho ikkje
halde ut, totte ho. Var det ikkje henne, — uff; ho
vart ulykkeleg for heile Live; ho fekk aldri ein glad
Dag meir; aa det var fælt; men ho vilde heller det.
So døydde ho av Kjærleikssut; og so vilde han trega
det han hadde gjort; og ho Mor vilde graate yvi ho,
og alle Venine vilde sende Blomar ... Ja, ho maatte
faa vita det. Uvissa var verre enn alt anna. —

— I Fyrstningi av Februar kom Kongen til Byen;
han skulde opne Storthinge, vart det sagt. Fanny stod
med Mor si paa Troppi til Hotell Stockholm ein heil
Time og venta paa han; ein kunde sjaa han so godt
her, naar han steig i Vogni. Hu, kor ho fraus. Mor
au stod og hakka Tennar. Det vart lengi aa vente.
Lite um Senn auka Folkemengdi og Konstabelflokken;
so kom det Hérmennar; aa Gud! so storfelt; og der!
kva var det? lyft meg upp, Mor; kva er det? kva

7 — Oarborg. II.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:25 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1908/0103.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free