Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
100
HJAA HO MOR
X.
Det var ein frisk, klaar Februarefta med kalde,
vinterblaae Kveldskyir yvi Grefsen og Ekeberg. I
Gatune laag Snøsurpe fraa Middagstidi og fraus.
Fanny og William fylgdest ut gjenom Storgata. Dei
var bljuge for kvarandre. Ho undrast paa um han vilde
segja det i Kveld.
Ja tenk, um han sagde det. Han visste vel at ho
var glad i han; han turvte kje vera rædd. Jau visst
maatte han ha forstadi det. Tenk, um han tok henne
i Handi og kviskra til henne: „eg elskar deg" . . .
Uff; ho vilde bli fælande skamfull.
Fanny kom fraa Teatre. Det gjekk hardt paa med
Prøvur der no. Ho fortalde og fortalde, hastande og
utan Samanheng —: nei, so løglegt som det saag ut
der attum Sjaatile. Me trudde Sideveggine var heile
me; men dei var ikkje det; det var ei Rad av Kulissar
med Gangar imillom. Nei, so rar som han var, den
Johannes Brun. Det var heiltupp utrygt aa vera Engel.
Det gamle skralvorne Heiseverke med Papskyine paa,
der dei skulde liggje, det knirka og knaka som det
vilde dette ned. Men det heldt nok. Fru Gundersen
skulde segja fram eit storfelt Dikt; og so skulde Duken
innanfyri gaa upp; for Tablaavivange var aira lengst
inne, heilt attum den baklengste Duken. Fru Gundersen
var svært hyggjeleg og tekkjeleg. Ho var den glupaste
av alle Damune paa Kristiania Teater, Fru Gundersen;
ho var umaateleg god til aa deklamere. Frøken
Neel-sen skulde vera den store Basunengelen; aa kor fin
ho var i den lange kvite Kjolen. Emilie og nokre
andre Smaa-Englar skulde bli nedhissa ovanfraa; og
so vart det berre Englar fraa Tile til Tak. Det vart
storlaga. Allesaman skulde dei snu Hovude til
Kon-gesessen og sjaa blide ut. So skulde daa ingin meir
kunna segja at ho ikkje hadde set Kongen.
Men no var dei alt langt uti Brugata, og han hadde
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>