Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
101 HJAA HO MOR
endaa ikkje sagt eit Ord. Berre han ikkje var For rædd
av seg . . .
Han gjekk og tagde og sukka. Ender og daa kom
han med eit Spursmaal um Teatre. Men det var visst
berre av di han totte han noko maatte segja. Uff; tenk
um dette gode Høve og skulde bli spilt. So skulde
ho endaa lenger gaa og pinast med denne Uvissa.
Ho vilde fælt gjerne ha hjelpt han paa Glid; men
ho kunde ikkje. Ho vart berre skamfull. Det var so
ille leidt. Det var Uraad for ei Gjente, kunde ein
vita; men han som var Gut —; det var Karane som
skulde byrja; det visste han daa vel.
Men han byrja ikkje. Og no var dei paa
Grønlands Torg.
Uff, slik Styving som han var. Kannhende han skyna
ikkje enno, at ho var glad i han?
Jau visst maatte han skyna det. Ho hadde vist han
det so mang ein Gong. Han maatte ha set hennar
lengtande Augo, hennar saare Smil . . . Fyrredagen
hadde ho mest sagt han det. Aa, eg kjem visst aldri
til aa faa det høgste Ynskje mitt uppfyllt, hadde ho
sagt; og med det same hadde ho sendt han eit
Augnekast som maatte smelte’n, totte ho. Men Gud veit um
han hadde skyna noko. Det var visst som ho Mor
sagde: dei var styvne, Karane.
— Ja du er sæl du, sukka William.
— Eg? — (Kor vilde han av no tru?)
— Ja du!
— Kvi daa?
— Er ikkje du sæl, som fær gaa til Teatre og all Ting?
— Vilde du gjerne gaa til Teatre? (Uff, no kunde
han gjerne segja: ja, saman med deg) . . .
— Nei; Mor vil at eg skal studere.
— Jaso.
So vart han tagali att.
No svinga dei um Hyrna. No var dei heime um
eit lite Bli.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>