- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
140

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

140

HJAA HO MOR

nøgd med; dei nye Styvlane med høge Hælar midt
under Foten sette reint fin Skikk paa deim. So fekk
ho utsauma kvit Understakk; yvi den att Pipeskjørt
med Slæp; og tenk, Korsett; hi-hi! Korsett; Korsett
for fyrste Gongen i sitt Liv; aa, kor det var rart; nei!
kor ho vart Dame.

So kom Kjolen.

Ho Mor hadde vori glup. Det var ein serskilt ven
svart Kjole av heilt Ullan, med ei breid Silkesløyfe i
Sida og Dubbefrynsur um Kuftelive; han sat rettelig
fint. Ho var mest kløkkt, Fanny. Raudnande steig
ho att og fram paa Golve framfyri Spegilen og tamde
seg upp til aa gaa med Slæp; kunde det vera Raad:
var det ho som var so fager? Dei kvite Kniplingsbandi
um Hendar og Hals gav henne eit Høgtidslag; ho
minnte mest um ei ung Brur. So kom det som var
snart det vigtigaste av alt: Hanskar. Nye fine svarte
Hanskar. Ho rette seg upp; kjende seg fin; heilt ut
Dame. Med roleg Annsemd paa Damegjerd knepte ho
Hanskane Knapp for Knapp, Knapp for Knapp...ho hadde
Moro av at dei var tronge. No kunde dei kalle henne
Frøken. Hi-hi; tenk; i Ettermiddag skulde dei kalle
henne Frøken. Frøken i fullt Aalvor; Frøken! Frøken
Holmsen ....

Til Slutt fekk ho Hatten paa seg. Det var ein svart
fin Fløyelshatt med Uppbrett paa den eine Sida og kvit
Fjør. Gud! kor han klædde henne. Ho stod framfor
Spegilen og torde mest ikkje sjaa paa seg. Du slette
Tid; tenk um ho kom inn paa Teater-tile ein Gong i
slik ein Bunad ....

Ikkje Tanken av Skulegjenta var att. Ikkje Tanken
av anna enn Rikmannsdotteri. Jau uff; dei raude
Hen-dane. Men det gjekk snart av. So forunderleg lett
og fin som ho no var vorti. So nobel og fri og i Lag;
— „ah, Frøken Holmsen? det glæder mig at gjøre
Deres Bekjendtskab, Frøken Holmsen!" —Skulegjenta
fraa igaar hugsa ho ikkje. Det var ikkje ho det, den

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:25 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1908/0146.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free