Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
139 HJAA HO MOR
kjende ho nok; allvist vart det hardt aa forsaka Kunsten.
Men ho fekk beda; og so fekk ho faa Presten Holck
til aa rettleide seg. Han gjorde det visst, naar han
forstod det var Aalvor. Og det var Aalvor no; det
var ho stød paa.
Fanny tok til aa vandre i ein ny Livnad. Ho bad
onnugt og las paa Leksune sine og vart ein svært
glup Konfirmant; undrast paa, um Presten Holck ansa
ho. Ender og daa sette ho seg fyri aa spyrja han um
eitkvart; men so torde ho ikkje. Ho fekk for det
meste Greide utan aa spyrja au. Og fekk ho ikkje
rett Varme i Bøni si, so søkte ho Hjelp i aa tenkje
paa Presten. —
— Konfirmasjonsdagen kom.
Det hadde vori slikt eit Mas med Konfirmasjonskjolen,
at Fanny hadde vorti mest verdsleg att. Paa sjølve
Konfirmasjonsmorgonen maatte Vaarherre tilgjeva henne;
ho fekk det so annvint ei Stund utetter med aa klæde
paa seg.
Det var so umaateleg, umaateleg gildt! Det dirra
og spratt i heile hennar Kropp; ho kunde mest ikkje
staa still; ho vilde berre hoppe, danse, læ —: tenk,
idag var ho vaksi; Dame!
Med dei gamle ufysne Filleplaggi la ho burt heile
Barndomen sin. Aa Gudskjelov; no var ho ferdug
med den. Farvel med Armodi ; farvel med Skulegnage;
farvel med all Møde og all Naud; 110 var ho ferdug
med Politistasjonen og daa. Uff; ikkje tenkje paa alt
det; farvel, farvel; burt, burt; heretter skulde det bli
anna Slag. Aa, kor det var gildt; aa, kor det letta!
Under den hage Handi til Mor si kjende ho seg
umskapt til Dame smaatt um Senn. Ho fekk Haare
uppsett paa vaksin Vis; nei! som det gjorde Mün. Ho
laut læ, daa ho saag seg i Spegilen; tenk vaksi Haar.
Og Krullane var ikkje so ustyrne lenger; det vart nok
Lokkar av deim med Tidi, skulde me sjaa. Mykje
myrkare vart dei au. Tilmed Føtane sine var ho for-
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>