- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
142

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

142

HJAA HO MOR

eine Kjolen som er skipeleg; og so skal vel den au
bli sjaska ut, so det kann bli likt seg alt. Skal du
ikkje ha Slæpe og? So Magistraten kunde faa sope
Gatune med same? Hm?

Det vart Uppstyr. Ho Mor var ulidande, Fanny vart
sinna; Mor skjelte, Fanny gav Svar. Sistpaa stod ho
midt paa Golve og ylte som ei Smaagjente. Ho var
so upp-øst at ho kunde ha gjevi Mor si ein paa Øyra.
„Hu — uff! alltid skal du være vrang, alitid skal du
være vrang! hu-hu-hu — uh!"

Men ho Mor vilde ikkje vita av Vas no. Sjølvsagt
gjer Frøkni som ho vil, harska ho seg; men ikkje den
Kjolen til Kvardagsbruk, so lengi eg hev noko aa segja!
Du fær hugse at det kann drygje ei Stund, fyrr du fær
ny Kjole no att. Du liter paa Mor di du; du er van
med aa faa av henne; so snart du kann faa flögi ein
Kjole av deg, so er det berre aa gaa til ho Mor, so
fær du ein ny. Eg skal segja Frøkni, at det vert ikkje
so heretter! No er du vaksi; no fær du freiste aa
skaffe sjølv. So fær du kjenne kor godt det er, daa.
Eg tenkjer du blir lite meir var um deg, eg, naar du
fær kjenne kor det smakar aa skaffe nytt jamt. Stutt
og beint, ikkje noko Tøv! Me hev ikkje Raad til aa
kaste ein Kjole fyrr han er utslitin. Ein fær laga
Skoen etter Foten og ikkje vera vigtig lenger enn
Pungen rekk. Soh! Høyrer du?

Fanny slengde Konfirmasjonskjolen beint i Andlite
paa Mor si. Traudt og traatt, med Motstræv i aile
Rørslur, tok ho so til aa finne fram att dei gamle Fillune
som ho hadde vori so sæl for at ho fekk leggje burt.

Var dette aa vera konfirmera; var dette den Høgtidi
ho hadde traatt etter i alle sine Dagar? — Ish!! —
Ho sleit paa seg dei ufjelge Fillune og skar Tennar.
Det var ikkje til aa utherde. Det var ei Avvyrding;
ho kjende seg skjemd, hædd, nedsett; Andlite hennar
vrengde seg i hugsprengd Graat; ho fræste som ein
Katt av Sinne.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:25 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1908/0148.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free