Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
143 HJAA HO MOR
Jau no saag ho fin ut! No var ho vel slik som Mor
vilde hava henne! Aldri fyrr hadde ho visst kor fæl
denne gamle Kjolefilla var. Posut og skaplaus, stutt,
so det var mest usamelegt ... uff; og ho med sine
lange, smale Leggir; og so desse Føtane ... ein sid
Kjole var det einaste som kunde berge henne; hu, hu,
hu—uh! — og so denne avstygge, tufselege Kjolekufta,
flekkut og sliti, med Vilje sydd stor og stygg . . . Med
den ikring sin slengvaksne, uferduge Skapnad, som
trong so vel um Studning og Living, saag ho ut som
ei rein Aabine.
Ho Mor kom med Korgi. Ikkje noko Vas; Fanny
skulde vers’god ut og kaupe Mat til Middags. Daa stupa
Fanny seg ned i Sofaen og gav seg yvi. Nei! Eg
gjeng ikkje! skreik ho; vil du ha meg ut no, fær du
bera meg! Ho klora seg fast til Sofa-Armen; det var
so det spente av Trass gjenom heile hennar Kropp.
So miste ho Mor Tölmode. Ho vart avsinna og slepte
Harmen sin laus. Ho brüka ein Munn, so det for
Fanny med ein Gong høyrdest simpelt. Tilsist kom
det eit Ord, eit ulidande Ord . . . Fanny spratt upp
som ho var kvefsestungi. Med eit Par rasande Rykk
reiv ho Barnekjolen av seg; eit Par Minuttar etter stod
ho framfor Mor si i Konfirmasjonskjole og
Konfirmasjons-hatt og stirde henne uppøst beint inn i Augo. Farvel
so lengi, sagde ho; eg skal ut og søkje Post! Det
skal vel bli Raad med aa bli meg kvitt, tenkjer eg.
I Døri snudde ho seg halvt: eg kjem ikkje heim til
Middag. Eg ét hjaa Thorseng. Farvel! —
— Mor og Dotter møttest att hjaa Thorseng ved
Middagsleite. Ho Mor gjorde blidt Andlit; naa, du
hev vel alt fengi Post, du? eggja ho. Aldri bry deg,
Mor, svara Fanny. Eg gjeng til eg fær Post, um eg so
skal gaa til Skorne dett av meg.
Lea lagde seg imillom. Det var vitugt av Fanny,
at ho vilde ut. Det sagde seg sjølv at ho kunde faa
vera her og, um ho vilde; men Lea hadde ikkje ser-
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>