Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
246
HJAA HO MOR
ut av. Eg skal ikkje piaage deg; eg skal ikkje gaa
her og spøkje for deg som Bankos Aand; so snart
Lagnaden min er avgjord, kverv eg burt fraa Augo dine;
eg dreg meg attende til Filisterlande til aa døy, døy
seint og stilt av innvendig Forbløding. Eg vil ikkje
kunna halde ut i denne Byen kor som er; han vil bli
meg ein Pinebenk og ei ævug Kvide; for alt som eg
ser minner meg um deg. Der hev du gjengi; paa den
Benken sat me saman; ved det Gatehyrna smilte du;
utanfor den Døri sagde du Ord som eg aldri gløymer;
paa den Steinen gleid du, men heldt deg fast i Armen
min . . . Nei eg reiser heim til Heimstaden min; der
skal eg draga meg ikring som eit saara Dyr Resten
av mitt Liv, og tilbeda deg, du straalande Valkyrja mi,
som gav meg Live og tok det fraa meg att, med den
same varme mjuke Handi . . .
— Aa det var vondslegt. Kvart Ord var ei
Styn-jing, kvar Setning Graat; det mjuke i Vendingane, det
smeikjande Tonen fekk, kvar Gong han sagde „du",
fortalde paa ein vedkjømeleg Maate um hans kvidefulle
Kjærleik. Og so skulde ho ikkje kunna svara anna
enn dette kalde, tome . . . dette um Venskap; det
vilde klinge som Spott; trengje inn i hans sjuke Sjæl
som isande Kalde; ho kjende det so vel. Ho saag Smilen
hans, den saare, skakke Smilen, ein beisk, blødande
Smil; og her sat ho, kald og hard, framand og fjern,
i Grunnen glad for at han vilde reise.
XXI
Det vart ein herleg Vaar.
Ho var ferdug med Skulen og fritt Menneskje til so
lengi. Og so hadde ho vorti so glad og ung.
Ein søt Fred fyllte henne, ei ny Kraft til aa liva.
Ho somna i glade Tankar og vakna i uppvellande Von;
— tenk um ho i Dag fekk sjaa han. Ho sytte for
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>