- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
245

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

HJAA HO MOR.

245

skrinn; han var ikkje so modig som fyrr, og skravla
ikkje fullt so mykje heller. Fanny hadde vorti so van
med det gamle Vavrehorne at ho mest ikkje saag han.
Likevel var det noko eltesamt med han; alitid kjende
ho seg som forfylgd av tvo lurande svoltne Augo. Men
han var no reint meinlaus daa, Stakkaren. —

•— Ho skulde ikkje sleppe fraa Lagnaden sin;
Uchermann fridde.

Det var kvidesamt aa lesa Breve hans; det kjendest so
framandt og pinefullt. Og likevel var det fagert,
hugtakande ... aa, kvi skulde ho valde so mykje vondt.
Kvi hadde ho ikkje vorti gift daa ho var ung; tenk! um
ho hadde havt noko meir Vit daa ho raaka Gabriel
fyrste Gongen; so hadde ho huglagt han daa og
kann-hende vunni han . . . Stakkars gilde Guten Uchermann.
Det beste Menneskje ho hadde funni; den gjævaste,
ærlegaste Vén. Han hadde vori Læraren hennar; berre
godt hadde han gjort henne; no hadde han hjelpt henne
so høgt upp at ho kunde forstaa Gram; og so skulde
han bli sparka burt daa . . . som ein utnytta Stige.

Du kjem meir og meir burt ifraa meg, skreiv han;
og eg er nok rædd eg forstend kor det hev seg. Eg
livstrøytte, misfarne Mann kann nok ikkje vera noko for
deg, du ungdomsfriske, herlege; eg døypte deg
Valkyrja mi, og du vert min Lagnad. Men eg kann ikkje
sleppe deg fraa meg, fyrr eg hev sagt deg det. Den
som druknar klengjer seg fast til eit Halmstraa; og eg
freistar aa taka Von av sjølve det at du dreg deg fraa
meg; eg veit at du ikkje hev anna enn Venskap for
meg; men likevel, tenk, um det umogelege skulde hende!
— Eg skal taka mitt Nei med den Manndom du hev
Rett til aa vente av meg; men eg maa hava det. Som
Elden treng Luft til aa brenne, so treng Kjærleiken
Von til aa liva; Du fær taka burt all Von, so vinn eg
vel yvi dette og med Tidi. Og so gjeng eg paa nytt
inn i den store, ævuge Dauden, som du, velsigna bland
Kvinnur! med di trolldomsterke Livsmagt mana meg

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:25 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1908/0251.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free