Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
248
HJAA HO MOR
visst umsette ho det. Er det du, er det du, er det du?
spurde Maaltrosten fornøgd, naar han høyrde smaa’
Venen sin tirla burti eit Holt; kom hit! kom hit! —
kysse deg, kysse deg, kysse deg! — Ti-ti! erta den
vesle, vil du det? vil du det? vil du det? Ti-ti! —
Og der vart Laatt og Leven og mykje narreleg Skjemt
millom dei tvo; men dei kom nok til Lags; for ein
kunde vita det var ikkje Moro og Ilva her inn-i svarte
Skogen, naar ein ikkje hadde nokon aa nebbast med.
Soli steig og steig og vart meir og meir eldande;
alle Knoppar spratt; alle Blomar anga. Fanny gjekk
og livde uppatt Barndomen sin. Det var her alt ihop,
dei grøne Engine, den blaablinkande Fjorden, Aasane
med sin tunnhogne Barskog, alt; berre vesle Frits var
burte; Gud veit kor han vanka no. Og det var den
same sæle Soli, og den same sterke søte heite Angen
som gjorde ein so syvjug og god; og Blomane nikka
og nigja og svinga sine Skaalir i det glødande Ljose
og bad um at nokon vilde take deim ... og ho tok
deim. Dei drog henne so reint for sterkt. Dei lokka
og freista i alle Litir, som blide blaae Barneaugo, som
skirt truhjartugt kvitt, som glinsande velnøgt
eggje-plommegult. Og ho fortalde deim at dei skulde faa
bløma paa hans Bord; og at hans gode brune Augo
skulde sjaa paa deim og like deim; og daa vilde dei
ikkje sakne korkje Sol eller Sümar.
Paa Engine og i Vegkantane gjekk Sauir og aat
Gras; dei hadde ørsmaae yndelege Lamb som patta. Og
naar dei hadde patta seg utyrste, leika dei og sprang;
men so kom dei burt fraa Mørane sine, og so grét dei,
plent liksom Smaaborn. Fanny fekk Taarur i Augo;
Gud, so fager som Verdi var. Og her gjekk me i all
vaar Tid og ikkje saag det.
Ho var so sæl at ho kunde ikkje vera aaleine um
det; stundom tok ho Mor si med ut. Glad vart ho
Mor. Ho laga til Niste og vart kvat og hyggjeleg som
i gamle Dagar. Upp-i Grefsenaasen var der ei Tjørn;
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>