- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
249

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

HJAA HO MOR.

249

der slog dei seg gjerne ned og koka Kaffi. Og ho
Mor rødde, fortalde, lo. Det var ikkje stort ho hadde
att av Live sitt, stakkars Gamla. Nokre Rispur som
inkje stort var tess, det var paa Lag alt. Ha, ha, ha,
lo ho; nei den Gongen, du, daa Gamle-Kari og eg
gjekk til Fossen der uppe og ikkje hadde anna til Niste
enn ei Skaal med Kaldgraut ... og den Grauten var
so stiv at eg braut Skei mi av i han; ha, ha, ha; tvers
av! — Versogod, sa Fanny, naar ho vilde faa henne
sers i Lag; skal du ikkje ha noko av franska brödet
med smör och ost? Ho Mor lo hjartans godt; ja det
Narre, du! Nei, det Narre, du . . . Ha-ha, resa till
Sverige och komma åter med rena papir . . . vil ni ha
mig då? ha, ha, ha! — Aa ja, han var narreleg. —
Fanny hadde ikkje livt meir enn Helvti so lengi som
Mor si, men tottest vera reint rik mot henne endaa;
aa jau, det var godt likevel aa ha lært og tenkt eit
Grand.

Men det var kanskje sumt ho Mor gøymde paa; ho
tala so merkeleg lite um Onkel Solum. Og der var
noko rart ved den Greida; Fanny kunde ikkje koma
fraa det. Naar Fru Mühlberg ein Hende Gong var
her inne, rødde ho mykje um eit lite Gjentebarn ho
hadde fengi Tak i; Gamle-Kari hadde funni det, sa
Fru Mühlberg og lo. Og ho Mor kunde ikkje med all
god Vilje løyne, at ho gjerne vilde høyre um dette
Barne; naar alt kom ihop høyrde det kannhende Huse
til? Stakkars Mor, so vondt som det maatte ha vori
for henne. Men sjølvsagt kunde ho sist av alt fortru
seg til sine eigne Døtrar ... —

— Og heilt ut livde Fanny dei velsigna Kveldane,
naar ho fekk gaa og sjaa paa den vene Verdi i Lag
med Vénen sin, Gabriel.

Han var trøytt. „Kvalt av Departementsstøv og
Statstull." Naar dei kom langt nok utanfor Byen, tok
han Armen hennar og drog Anden djupt: so, no er alt
det ikkje til lenger. Og han pusta ut endaa ein Gong:

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:25 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1908/0255.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free