- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
251

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

HJAA HO MOR.

251

anna aa tenkje paa. Aa, det hev vori ei fæl Tid. Eg
töler ikkje tenkje paa det; det er so reint vonlaust.—
Hev De noko som De helst ikkje vil minnast? spurde
han skjemtande. — Nei; ikkje noko serskilt; men alt,
alt . . . Berre Vas, berre Tull; fraa det eine til det
andre i vilt Flog; og det eine helst verre og taapnare
enn det andre ... aa; er det ikkje rart at ein kann
halde ut med slikt? — Ein held ut med alt. Han
gjekk ei Stund; so sagde han som for seg sjølv: ikkje
hugteki! Det var Fanden. — Kannhende De hev
ikkje noko Elskhug vidare? lagde han til i ein
lempeleg Tone. — Kannhende det, mulla ho.

Nei; naar eg tenkjer attende paa det Live eg hev
livt, heldt Fanny fram, og so eg tenkjer paa, at det
vel skal bli um Lag like eins heretter, so tykkjer eg
nok eg maa ha Lov til aa tru paa eit anna Liv? —
Ver so god, Frøken! — Ja for elles vart det reint
meiningslaust. — Naa; De vil hava Meining i Live,
De? Det er sgu modigt. — Ja kvi skulde me elles
liva? — Me liver av di me ikkje idest døy, vel? —
Uff. Ja men ... Eg tykkjer alt Folk røder um Sæle?
Og so hev eg tenkt, at den som ikkje vart sæl her,
burde hava som ei Von um . . . — Me røder elles
ikkje um Sæle no, braut han av ; me røder berre um
so mykje Sæle som mogeleg; og dermed meiner me
endefram: so lite Sut som mogeleg. Og kann me stelle
oss so at det vert som eit Samhøve millom Sæle og
Sut, so vil ein Gudbevars alltid kunna tala um ei
Meining i Live; men meir finn ingin paa aa krevja.
— Stelle oss, ja . . . Men me Kvinnfolk kann ikkje
stelle oss! Me maa taka Live som det vert stelt for
oss av andre; fyrst heime hjaa ho Mor, og sidan hjaa
den Herre og Husbond som vert oss gjevin ... —
Ja men no skal de bli sjølvstendige, veit eg? — Trur
De me vert det daa? Trur De Kvinna hev nokor
Framtid for seg? Di meir eg tenkjer paa det, di mindre
trur eg det; uff; me er so jaalute og styvne og usæ-

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:25 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1908/0257.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free