- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
250

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

250

HJAA HO MOR

aah; dette er noko anna. Ho vart varm av Sæle; tenk,
no hadde han det godt, og totte ikkje at ho var i Vegen.

Det var ei serskild Kjensle, dette. Ho var ikkje
„forelska" plent; ho vilde ikkje „ha" han; det var
berre det, at ho endeleg hadde funni eit Menneskje
som ho hadde heil Samkjensle med! Det var ikkje
anna som turvtest. Det var som Ucherman hadde sagt:
den einaste Ulykka i Live var aa kjenne seg aaleine;
og no kjende ho seg ikkje aaleine lenger.

Han vilde gjerne høyre um Live hennar fyrr; og
endaa dette ikkje kunde vera anna enn vanleg
Folkeskikk av han, vart ho overlag glad for det; og ho
fortalde. Dessverre var der ikkje noko aa fortelja, daa
visst ikkje noko som var verdt aa høyre paa; men
kannhende han kunde bry seg um aa høyre Sogo um
Foreldri hennar; og so fortalde ho den. Han høyrde
paa henne med god Bidlund, men sagde at Sogo var
lite merkeleg. Sovori hender kvar Dag, sagde han;
det einaste rare i Sogo er sgu De. — Eg? Kor daa?
— Jau; etter alle Lærdomar skulde De vera øydelagd,
forstend De! Laak Arv, laak Uppaling, baae Slagi . . .
kor heng det ihop, at De hev vorti . . . etter alt som
eg kann forstaa ... ei reint gild Gjente? Ho tottest
ha fengi Løn for alt sitt Livs Strid i desse rosande
Ordi. Det var so vidt ho kunde svara: eg veit ikkje
rett! — Hev De vori gudeleg? — Ja; det og. —
Kannhende det er det, som hev hjelpt Dykk? — Aa
. . . ja noko kanskje; endaa eg ... Eg hev alltid
havt det for meg, at eg ikkje vilde misse Vyrdnaden
for meg sjølv. — Og so hev De vori hugteki ender
og daa. — Nei. Jau; i Aas, veit De, Vénen Dykkar
. . . paa ein Maate daa; men sidan ikkje. — Kva for
Slag? Hev De gjengi i alle dei Aari og —; nei det
er ikkje Raad det, forstend De. Det vilde vera reint
mot all Røynd. — Ja men det er so. — Ingin De
hev brytt Dykk um? Ingin som hev leika Dykk i
Hugen? — Nei. Eg trur eg hev havt for mykje

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:25 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1908/0256.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free