- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
265

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

HJAA HO MOR.

265

bliver Deres egen Sag". . . Stakkars Mor. Arme
gamle skrukkute Skinn . . .

Millom dei gamle Brevi laag der eit nytt; det var
fraa Gram, stakkars Gut; han hadde det nok ikkje
heller som han vilde. Eg er for gamall, skreiv han;
eg kann ikkje elske med heil Hug; Dykk heldt eg
visst meir av enn av nokor eg hev kjent; men endaa
saag eg tydelig heile Tidi, at eg ikkje kunde gifte meg
med Dykk; og so kom dette Tullepaafund, som eg no
bed um Tilgjeving for . . . Eg er glad for, at De den
Gongen hadde meir Vit enn eg; me tvo hadde aldri
kunna klara eit Samliv paa den Maaten ... Eg fær vel
freiste med eit Klokskapsgifte; det er det einaste som
høver for aldrande Folk . . . Farvel. Takk for alt . . .

— Du Mor, sagde Fanny.

— Ja, Barne mitt?

— Vil du svært gjegne at eg skal gifte meg med
Vadsekken?

— Kven med, segjer du?

— Naa, han . . . Dauden i Lybekk, Tollaren, kva
er det no han heiter . . .

— Ryen meiner du? — Ho Mor tok til aa skjelve
paa Hendane.

— Ryen, ja?

— Nei kjære deg; du gjer som du vil for meg,
veit du . . .

— Trur du han vil ha meg no, daa?

— Ha deg? Stakkars Mann; han spyrr etter deg
allstødt. No i desse Dagane hev han sendt deg
Blomar; men eg hev ikkje tort . . .

— Trur du han kunde finne paa aa sende meg til
Utlande eit Bli? — Eg held ikkje ut aa vera her i
Byen. — — Nei, det er ikkje slikt-noko, Mor; ver
trygg . . . Men eg vil ikkje hava honom med,
sky-nar du; berre deg?

— Ja; aaja; — jau, det greidde seg’vel . . . Men
. . . er det Meiningi di?

%

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:25 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1908/0271.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free