- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
264

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

264

HJAA HO MOR

um aa vinne Tillit hjaa henne — ikkje gakk fraa meg!!
ikkje gakk fraa meg!! — aldri, aldri hadde Krulltoppen
havt nokor Mor; og aldri nokon Far; og aldri nokon
Vén; ikkje Gud heller brydde seg um henne, ikkje
Gud heller . . .

Fru Holmsen sat paa Sengkanten nedbøygd yvi den
sjuke Dotteri; ho stirde paa henne med tome Augo,
raadlaust og fortenkt. Inginting skyna ho av dette.
Men ein uviss Otte hadde samla seg upp under
Hjar-tegropi paa henne; og dei trøytte, døkke Augo glodde
hjelpelaust ut som i ei svart Natt.

Fanny laag og vreid seg og drog seg i lange
Rullingar. Augo stod fulle av kald Rædsle; Nasen hadde
vorti blaa og kvass; og um Munnen med dei ujamne,
stygge Rykkjingane lagde der seg ei Likbragd.

Og so kom Senedraatten.

Det var nokre Dagar seinare. Fanny sat gulbleik
og dauv i Ruggestolen til Mor si, klædd i ein graa
Morgonkjole; ho Mor gjekk og vima og vavra ut og
inn og stelte.

Paa Borde stod den gamle Pyntespegilen, ein
Tekopp, eit Vatsglas, ei tømd Bokkflaske. Gamle
Brev-skapar laag og slong rundt um; ho Mor hadde funni
paa, at Fanny endeleg skulde sjaa igjenom deim.

Fanny hadde so gjort. Uff, enn alt det ho Mor
hadde loti finne seg i; alle dei svikne Vonir; all den
Mismæting; alle imot seg: Presten, dei styrande; rart,
at ho ikkje hadde gjengi til Botnar reint. Det var
stygt aa lesa dette Breve fraa Amtmannen; Gud, som
dei hadde spéla seg med den hjelpelause Enkja; hadde
letst vilja gjera det so reint vel: sendt Saki att og fram
og fram og att; skrivi Namn i Tylvtetal og vori fælt
uppkøyrde ; men all Tidi hadde dei visst, at dei vilde
lata Enkja og" Borni hennar draga hin og den i Vald
. . . Og so dette Breve fraa Presten Brandt ... „det

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:48:25 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1908/0270.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free