- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
12

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

mer aldri det De ein Gong fortalde: den Kvelden etter
Danselage, veit De. — Naa, daa han kom setjande inn
i Vogni til meg og fylgde meg heim? Ja det var daa,
det hende. Han hadde vori etter meg heile Kvelden, og
lokka og lirka og gjort seg til; og ør og fortrylt var
eg; og slik ein ung og urøynd Gjentunge som eg den
Gongen var, so veit De det gjekk vel alltid eit Grand
innpaa meg aa sjaa dette store lange Mannfolke so reint
ille farin; ja; so vart det daa til det at han fekk som
ein halv Lovnad, og —! eg skal segja Dykk, han for
fram med slik ein Ofse, at han skræmde meg mest! —
Det kann eg godt forstaa. — Og sidan tedde han seg
som Festemann; tok imot Gratulasjonar og sende ut
Kort; alle priste meg sæl og misunnte meg; og
Prest-folke som eg var hjaa, dei tottest ha gjort reint eit
Ovverk, daa dei hadde fengi meg so godt gift. Som
rimelegt kunde vera! Kven skulde vel tru anna enn at
dette maatte gaa godt! — So rik som han var ja! —
Ja? Og unge raske Folk var me baae tvo; og
dessutan —, ja han var no reint hugtekin; og eg hadde kje
noko serskilt imot han heller, den Gongen; det einaste
kunde vera dei Augo... — Aa ja; men det var daa kje
noko aa bry seg um. — Nei. Glad var eg med aa faa
Fot under eigi Bord ög; for kor godt eg hadde det hjaa
Presten, so veit De korleis det er; den som skal vera
baade Tenestegjente og Dotter i Huse, so vert det
liksom so utrygt. — Aa Gud ja. — Men slik er det; ofte
naar det ser best ut... — Ja det gjeng sjeldan godt,
naar dei er so for glade i kvarandre. — Nei; det hev
eg alltid høyrt. Men kva skulde eg gjera? Naar han
endeleg vilde, og naar alle talde til... — Det var kje
anna aa gjera enn det De gjorde, Fru Holmsen!

— Og so gjekk det daa sidan som det kunde, heldt
Fru Holmsen fram, og ikkje som det skulde. Ja i Fyrst-

12

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:26 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1944/0014.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free