Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
ningi var alt godt og vel, veit De, — mest altfor vel;
han kringsette meg med Gaavur; heldt Hest og Vogn
til meg, og stasa meg upp med Kjolar og Klædningar
som var so fine, at eg snaudt kunde gaa med slikt her
upp-paa Bondelande. — Hugsar det nok; hugsar det
nok!
Aa ja; det kunde vera stuslegt mang ein Gong aa
sitja her halvnaki aa kalle, og tenkje paa all den
Stordomen og all den Stasen, og vita at no var det alt ihop
spreidt for Vér og Vind; kasta ut i Grams til
kven-som-helst; selt under Hamaren for det Folk vilde bjode;
mest gjevi burt. Maatte kje Fru Holmsen tilmed sjaa
vanlege Bondekonur gaa og sprikje med Kasteploggi og
Pynten hennar fraa gamal Tid, vanlege simple
Kjerin-gar, som ikkje hadde Draum um kva slikt var verdt;
ja visste kje korleis ein skulde bruka det dessmeir! —
Fru Miihlberg sukka; det matte vera harmelegt.
Og det alt for Rangskapen og Vitløysa hans; det var
snartsagt det verste! Dei kunde ha siti med det alt
ihop den Dag idag var, hadde berre han havt Godviljen.
Men no hadde han sett seg fyri at det skulde gaa vrangt.
Fekk han det ikkje i alle Maatar som han vilde, so
vart han ustyrleg, og so bar han seg aat som han
var vitlaus. Det var honom alt eitt; berre han kunde
faa stelt det so at ho kom ned i Raadløysa. Og det
fekk han.
Ja Stakkar, sukka Fru Miihlberg; arme seg ut, det
fekk han til Gagns! — Aa ja; naar ein legg seg um det
so. Slikt Hundeleven som det no tok til med paa
Fredheim, med Drykk og Dus og Kortspél og alle Dørir opne
baade Natt og Dag, det var so aldri noko Folk hev høyrt
Maken. All den andre Styggedommen er det ikkje
rødande um. Er det sant som Folk segjer, so var der
ikkje ei Gjente paa ei Mil i Kring som fekk vera i Fred
13
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>