Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Pigen. Da Ho— hm! forseelser ikke er Gjenstand for
offentlig paatale, bliver det Deres egen Sag derom at
træffe Deres Forholdsregler. Volds Præstegaard —
Brandt.»
Fru Mühlberg saag upp. Stakkars Dykk, Fru
Holmsen! sukka ho hjarteleg.
Daa kunde kje Fru Holmsen meir; ho gav seg yvi
i Graat.
— Ja det er ingin som veit, kor vondt det hev vori
for meg! jamra ho, med Lümmeduken for Andlite.
Men, lagde ho til, daa ho nokorlunde hadde vunni seg
yvi att, det som hev hendt i Dag... at eg ikkje skal
faa ha Fanny heller hjaa meg... det tykkjer eg mest
blir det verste.
Fru Mühlberg tagde reint still; ho var ikkje langt
fraa Graaten ho heller.
Aldri i Verdi hadde eg gjort det eg gjorde, dersom
eg ikkje hadde trutt at eg skulde faa ha Borni hjaa
meg, heldt Fru Holmsen fram med Graaten i Halsen.
No hev eg loti sleppe dei tvo, av di eg ikkje fekk Hjelp;
skal no Fanny og koma paa Viddi, so vanskeleg som
ho er, og eg bli sitjande att reint aaleine––
Graaten kom att, og vart so sterk at Fanny og lydde
etter.
Eg sa det til han dei hundra Gongir, stridgråt Fru
Holmsen — med meg fær det gaa som det kann...
men tenk ... Borni! Ho lagde seg fram yvi Borde og
gav seg yvi i Graaten; heile den spede Kroppen riste.
Fru Mühlberg strauk seg yvi Augo og gjorde seg so
fast i Mæle som Raad var: ja det er ille, naar dei smaae
lyt burt; det er nok ingin som kann vera i Staden for
... Far og Mor... helst for Mor daa.
Fanny hadde reist seg upp; ho stod og saag paa Mor
si med Forundring.
16
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>