- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
20

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

singi, at ho «skulde faa vera her i Dag». Og so snilde
var Folk, at dei alltid tok imot henne.

Det kom vel noko av at Ungen var so løgleg.
Sakførar Lehmann fann henne reint makalaus; naar han
kunde faa henne til aa syngje eller «preike», fekk den
gamle Skjemtegauken seg sin beste Laatt.

Ein av dei Stadine der ho lika seg best, var hjaa
Grosserar Johannesen. Der var der tvo Mostrar som
slost um henne; og ho fekk Slikkegodt og Sukkerty, so
ho mest for-aat seg. Og til Leikebror hadde ho han
vesle Frits, Kjærasten sin. Det var reint løglegt so
godt som dei tvo kom til Lags. Tenk um det, som no
var Gaman, kunde bli Aalvor ein Gong; tenk um det
kunde bli eit Parfolk av desse Ungane! Det kunde vera
noko, det, tenkte Fru Holmsen.

Um Lag jamgamle var dei, runde og digre som
Rulle-pylsur, han sjømannsklædd og hjulbeint, ho graa og
ljos. Dei heldt seg mest ned-i den store Hagen til
Johannesen, der Kirsebertréi stod med Fennar av kvit
Blom, og Aplane au tok til aa bløma og blaga, i kvitt
og rosebleikt. Men i Blomesengjom lyste Symre og
Nykleband og Vaarblomar av alle Slag, og i Dammen
siglde Andemor med alle sine trill-runde gule Ungar.
Nære ved, uppe paa ein Stolpe, var der eit Hus, der det
budde Duvur, snøkvite, staalblaae, glansviolette,
forunderleg fagre; berre dei hadde havt so mykje Vit at
ho kunde ha fengi klappe deim paa Ryggen. Det
gildaste av alt var Leikvollen, der Huska og Ringane var;
der hadde Frits Stall til Hesten sin au, ein stor Hest
som gjekk paa Meiar. Og so hadde han
Bygningstim-ber som ein kunde byggje Kongsgardar og Krigsborgir
av; Fanny for sin Part lika best aa byggje Kyrkjur.

Vart det keidt i Hagen, so rusla dei ut i Byen. Dei
gjekk og heldt einannan i Hendane og var Kjærastfolk.

20

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:26 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1944/0022.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free