- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
19

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Fraa Nils, Bror sin, fekk ho um ei Stund Svar paa
det Breve ho hadde sendt um Kristianiaferdi; og Svare
var rett beinsamt.

Nils totte der var Vit i Tanken; han vilde hjelpe
henne so langt han kunde, baade med Pengar til
Sy-skulen og med Hus. Ein leid Ting var der: Kona hans
kjende seg ikkje god til aa taka imot Fanny. Endaa um
dei hadde havt Rom kunde ho kje gjera det; ho var
veik med Helsa og maatte hava Ro. Og Fanny var vel
ikkje nett so stillfarande av seg no for Tidi, kunde han
tenkje. Men det maatte vera Raad med aa faa Fanny
inn einkvar annan Stad for den korte Tidi, meinte Nils;
og um so var, so kunde Fru Holmsen koma naar ho
vilde.

— Ja sjølvsagt maatte det vera noko i Vegen! Dette
Svare var i Røyndi jamgodt med nei. Kor skulde ein
gjera av Fanny, so brysam og leid som ho no var? —
Hjaa Fru Mühlberg? Det maatte vera det einaste. Men
no um Sumaren og ut-etter Hausten hadde Fru
Mühlberg nok og meir enn nok med Hotelle sitt.

Aa nei; det skulde vel bli raadlaust, kunde ho tru.
Ho hadde havt det for godt eit Bil; og for det skulde
ho no svide. Ho fekk leggje seg i Logn til eit anna Aar.
Daa vart Fanny større; og daa kanskje det kunde jamne
seg. Dermed var det Aare au spillt. Men naar det
skulde so vera, so fekk ein finne seg i det.

Med stor Uhug tok ho til med Sümarsaumen sin. Det
var ei Trøyst at ho kunde sitja burte hjaa Folk mykje;
det var som Tidi gjekk lettare daa.

Fanny fylgde med fraa Hus til Hus, naar ho elles
vilde. Men det var ikkje alle Stadir den vesle lika seg;
venteleg gjorde dei kje alle Stadir like mykje Stas av
henne. Stundom vart ho daa send i Veg til Sakførar
Lehmann eller andre gode Kjenningar med den Hel-

19

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:26 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1944/0021.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free