- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
52

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

vera slik ein litin Fillebaat som denne her; for den var
so skral at han kunde kje gaa i Elveströki.

Lufti var mett med ein søt, heit Ange som gjorde
Borni sæle og syvjuge. Aa, so godt som det var, naar
Soli steikte i Ryggen og lumra um Øyro. Dei gjekk og
heldt kvarandre i Hendane og livde det vegetative Liv.

Rundt ikring glødde Blomar i tusundtal, voggande sine
søte Skaalir i Solelden. Det glitra og glinsa i nysprotti
Lauv. Paa Engir og i Vegkantar gjekk Sauir og aat
Gras; dei hadde ørsmaae yndelege Lamb som patta. Og
naar dei hadde patta seg utyrste, leika dei og sprang;
men so kom dei burt fraa Mødrom sine, og so gråt dei,
plent liksom Smaaborn. Aa nei, so søte som dei var!
Fanny vart so glad at ho skreik ende yvi seg og fekk
Taarur i Augo. Ja slikt eit Lamb skal eg kaupe deg,
naar eg vert stor, sagde Frits raadsnar.

Alragildast var det aa vera ute naar dei hadde
Sukkergodt med; og det hadde dei for det meste. Frits
kaupte for «Lummeskillingane» sine; men det kunde og
vera Fanny som reiv i. Ho var ikkje pengelaus,
Krull-toppen. Kjende Folk gav henne Skillingar stundom, naar
dei raaka henne; dei Skillingane hadde ho fyrr gjengi
heim til Mor med; men no, daa ho tok til aa skyna kva
Pengar var gode til, stakk ho deim gjerne i si eigi
Liimme, Dei kunde stundom liva reint storkarslegt paa
desse Ferdom sine; det var svært so mykje Kake ein
kunde faa for ein litin Sylvskilling, naar Bakar Rustad
var i sitt rette Lag.

Men det gjekk ikkje lengi godt med dette. Bakaren
hadde vori altfor snild ein Dag; han hadde gjevi deim
meir Kake og Smaaknask enn dei var god-til aa faa i
seg. Fanny kom heim Middagsbil med Forklæde fullt
av gode Ting, og med ein fæl Magaverk. Det vart
Forhøyr; og alt kom upp. Enden paa Visa vart Juling. Og

52

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:26 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1944/0054.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free