Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Dagen ved Middagsleite kom ho att; daa var ho solbrend
og frisk, og hadde fengi ein ny Sümarhatt og ein fin
Solskjerm, so Fanny mest ikkje kjende ho. Aa, so ven
som du er, Mor! song ho upp og sprang henne til Møtes;
ho Mor tok henne upp i Armane sine og kysste henne.
Aa du vesle Tuppa mi, du vesle Engelen min; korleis
hev du havt det? —
Dagen etter kom Solum. Der vart Glede og Gaman,
god Mat og godt Mod; Mor og Onkel Solum var
heilt-upp kipne. Dei rødde mykje som Fanny ikkje forstod;
det var Tale um ein Jarnveg, ein Foss, sundslegne
Flaskur, eit Hotell, drukne Handelsreisande, ein Maskin
som varp Dalarstykkje; kvar Gong dei drakk, sagde
dei: «akkurat mitt Brennevin!» og naar Flaska var
tømd, ropa Solum: send ho paa Forbetringshuse, som
me sagde deruppe! Mange andre underlege Ordtak
hadde dei. Fanny kunde inkje Samanheng faa; og det
tregelaste var, at eit Par Gongir, med’ Drøse gjekk
som best, vart ho send Ærend ut i Byen. Men so mykje
tottest ho skyna likevel, at Mor og Onkel Solum hadde
vori i Lag ei Tid der ut-paa Lande.
Daa Solum hadde gjengi, spurde ho: du Mor, hev
Lensmann Berg ein Maskin som verp Dalarstykkje? —
Kva ... kva er det du vasar um? spurde ho Mor tryllt.
— Onkel Solum sa, at de hadde set ein Maskin som
varp Dalarstykkje? — Ho Mor ørrette seg. Aa! sa ho,
det var det han fortalde fraa Kongsbergferdi si? Jau;
der er det ein Maskin som verp Dalarstykkje. Det er
der dei gjer Pengar, ser du. Eg hev kje set den, eg...
ikkje no daa ... men ein Gong fyrr... eg var der uppe
i Lag med Far din, skynar du. Du skal og faa sjaa den
Maskinen ein Gong, Krulltoppen, naar du blir stor...
dersom du er snild Gjente. So; no klæder me av oss ...
Korleis hev du havt det heime daa, Tulla mi? Hev
72
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>