- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
74

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Fanny skyna kje Meiningi med same. Ho trudde det
maatte vera Skjemt. Men snart merka ho at det var
Aalvor godt nok, og so reiv ho seg laus og tok Flukti.
Ylande kom ho heim til Mor si; der fekk ho Juling for
di Frits hadde rivi Kjolen hennar sund.

Dermed var det Ende paa det Festemaale. Og Fanny
hadde kje større imot det. Var det nokor Meining i aa
gaa og vera trulova med ein Gutunge daa; ho vilde
heller vente til ho vart konfirmera, so ho kunde faa seg
ein skikkeleg Festemann.

Men for Frits Johannesen maatte Fanny etter denne
Dagen agte seg vel. Han fekk Berserksgong, berre han
saag ho. Di Lurvetasse! skreik han; stygg er du, og
fillut er du, og Juling skal du ha’; hei! Og høgføtt og
gutekeik flaug han paa Gamlekjærasten sin med
Hen-dane hardknytte.

Han vart ein Meinkrok og ei Ugjegne ikkje berre for
Fanny, men for Lage hennar, ja for alle dei
Smaagjen-tur i Byen fanst. Han fekk med seg ein Flokk andre
Gutegapar fraa Borgarskulen; dei kalla seg Indianar
og for Byen rundt paa Herjing og dengde og ufreda
Smaagjentune kvar dei kunde raake paa deim. Daa
Vinteren kom, var det mest vaalegt for Gjenteborni aa
koma ut; løynske indianske Snøballar kom f ljugande
fraa Gatehyrno so snart dei synte seg; og dei
Snøballane kunde vera trauste. I Kjelkebakkane var det kje
heller fred aa faa. Ylande Indianar kom farande so
snart dei saag seg Raad, og velte baade deim og
Kjelkane deira ut i Snøfonni.

Dei tri «fine» fraa Gjenteskulen til Fru Kahrs fann
endeleg paa aa berge seg upp aa Høytreve til Sakførar
Lehmann, naar dei vilde hava Fred; det var ingin som
hugsa paa aa leite etter deim der uppe. Og smaatt um
Senn tok dei til aa like seg paa Høytreve. Det var so

74

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:26 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1944/0076.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free