Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
Stundom sat dei tri Smaagjentune i ei Kraa paa
Treve og tenkte ut Hædingsord um Frøknine eller sette
Utnamn paa deim og laga Sneidestev. «Frøken Malthe
— skal vi salte»; «Frøken Strandboe — er dum for to».
Dagen etter sette dei daa slike Ting ut paa Skulen og
sagde at dei hadde høyrt det i Byen. Av og til lagde
dei Meinraadir, som dei daa helst fekk andre til aa
utføre; ein Gong narra dei den truskyldige Thea Hansen
til aa gjeva Frøken Strandboe ein Kattunge; dei visste
det Thea Hansen ikkje visste, at Frøken Strandboe
kunde heiltupp faa Senedraatt, naar ho saag ein
Katt. —
— Ein god Dag hende det noko i den vesle Byen som
gav Gjentune paa Høytreve og noko aa tala um.
Jette Enger vart trulova.
Jette Enger var berre so vidt ferdug fraa Fru Kahrs;
Smaagjentune der heldt henne mest for Kammerat enno.
Og tenk, so var ho trulova.
Retteleg trulova. Ho gjekk og dreiv med Kjærasten
sin ut yvi Storvegen kvar Kveld, og var ikkje det Grand
rædd for at Folk skulde sjaa det.
— Ja tenk! No hev ho vel alt kysst han, sagde Gina
ein Morgon paa Skulevegen.
— Aa fy; er du kje klok, du? sette Ebba i; dei skal
daa vel kje kysse kvarandre, fyrr dei er gifte ?
— Aa Gud, so dum som du er, Ebba, kom Fanny no;
det er vel difor dei er trulova vel, at dei skal kysse
kvarandre all Dagen!
— Aa Gud, er du rusk, du! Aa Gud, eg kom til aa
døy av Skam; tenk kysse den framande Karen!
— Pytt; det er kje so faarlegt, meinte Fanny klokt;
nei; naar dei er gifte, so gjer dei noko anna daa.
— Er du kje klok, du? Kva gjer dei daa?
Fanny fekk eit forstøkt Augnekast fraa Gina og drog
79
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>