- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
83

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

hadde gjort seg galne Tankar um ymist; Gina retta paa
ho. Det heile vart nytt for Fanny med. Di meir dei
skyna, dei meir forstøkte vart dei, og meir og meir
brennande .forvitne. Kor i Verdi kunde det gaa for seg; kor
i Verdi kunde det hange ihop? Meir og meir onnugt
kvisa og kviskra dei; vart Ordi for drjuge, hjelpte dei
seg med Innpaatydingar og Faktir, eller den fyrste
Bokstaven. Dei kviskra og stunde og vart reint
brennvarme; Ebba visste snart det dei andre visste.

— Men sidan hende det ofte, at dei tri Smaagjentune
sat ihopkropne i den myrkaste Kraai av det myrke
Lofte og drøymde seg burt i Sogur fraa Drengjestogo.

Det vart so framifraa forvitnelegt. Det var noko reint
anna enn det som elles var Moro.

Dei snakka seg upp, til dei sat og glødde, bivra og
brann som i Febersjuke. Dei gløymde alt, Tidi,
Kveldverden, Mor, Far; det fekk kvitte eitt, um dei f ekle
Vondord naar dei kom heim att. Dei maatte so plent
hava ei Sogu til; det maatte so plent bli greidt ut noko
meir um korleis gifte Folk hadde det. Men uff! fy! at
nokon kunde gjera slikt; at dei ikkje døydde av Skam.
Det kunde ikkje vera sant, sovori.

Dei skildest kvar Dag med Handtak og Forsikringar,
at aldri nokosinn, korkje no eller sidan, ikkje for noko
Menneskje, um det so var den beste Vén, — skulde dei
ymte eit Ord um kva dei no hadde for seg. «Ved Gud;
ved Gud!» Skamfulle og med utrygt Samvit gjekk dei
kvar til seg; Ebba maatte likevel ofte fylgje Fanny;
denne var so myrkrædd for den allstad-verande.

Dei kunde ikkje bli Uvénir meir, desse tri. Dei kjende
seg bundne til kvarandre som av ei sams Misgjerning.

83

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:26 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1944/0085.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free