- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
111

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

blide ut. So skulde daa ingin meir kunna segja at ho
ikkje hadde set Kongen.

Men no var dei alt langt uti Brugata, og han hadde
endaa ikkje sagt eit Ord. Berre han ikkje var for rædd
av seg ...

Han gjekk og tagde og sukka. Ender og daa kom han
med eit Spursmaal um Teatre. Men det var visst berre
av di han totte han noko maatte segja. Uff; tenk um
dette gode Høve og skulde bli spillt. So skulde ho endaa
lenge gaa og pinast med denne Uvissa.

Ho vilde fælt gjerne ha hjelpt han paa Glid; men ho
kunde ikkje. Ho vart berre skamfull. Det var so ille
leidt. Det var Uraad for ei Gjente, kunde ein vita; men
han som var Gut —; det var Karane som skulde byrja;
det visste han daa vel.

Men han byrja ikkje. Og no var dei paa Grønlands
Torg.

Uff, slik Styving som han var. Kanhende han skyna
ikkje enno, at ho var glad i han?

Jau visst maatte han skyna det. Ho hadde vist han
det so mang ein Gong. Han maatte ha set hennar
lengtande Augo, hennar saare Smil... Fyrredagen hadde
ho mest sagt han det. Aa, eg kjem visst aldri til aa faa
det høgste Ynskje mitt uppfyllt, hadde ho sagt; og med
det same hadde ho sendt han eit Augnekast som maatte
smelte’n totte ho. Men Gud veit um han hadde skyna
noko. Det var visst som ho Mor sagde: dei var styvne,
Karane.

— Ja du er sæl du, sukka William.

— Eg? — (Kor vilde han av no tru?)

— Ja du!

— Kvi daa?

— Er ikkje du sæl, som fær gaa til Teatre og all
Ting?

111

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:26 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1944/0113.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free