- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
110

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

x.

Det var ein frisk, klaar Februarefta med kalde,
vin-terblaae Kveldskyir yvi Grefsen og Ekeberg. I Gatune
laag Snøsurpe fraa Middagstidi og fraus.

Fanny og William fylgdest ut gjenom Storgata. Dei
var bljuge for kvarandre. Ho undrast paa um han vilde
segja det i Kveld.

Ja tenk, um han sagde det. Han visste vel at ho var
glad i han; han turvte kje vera rædd. Jau visst maatte
han ha forstadi det. Tenk, um han tok henne i Handi
og kviskra til henne: «eg elskar deg» ...Uff; ho vilde
bli fælande skamfull.

Fanny kom fraa Teatre. Det gjekk hardt paa med
Prøvur der no. Ho fortalde og fortalde, hastande og
utan Samanheng —: nei, so løglegt som det saag ut der
attum Sjaatile. Me trudde Sideveggine var heile me;
men dei var ikkje det; det var ei Rad av Kulissar med
Gangar imillom. Nei, so rar som han var, den Johannes
Brun. Det var heiltupp utrygt aa vera Engel. Det
gamle skralvorne Heiseverke med Papskyine paa, der
dei skulde liggje, det knirka og knaka som det vilde
dette ned. Men dei heldt nok. Fru Gundersen skulde
segja fram eit storfelt Dikt; og so skulde Duken
inna-fyri gaa upp; for Tablaavivange var aira lengst inne,
heilt attum den baklengste Duken. Fru Gundersen var
svært hyggjeleg og tekkjeleg. Ho var den glupaste av
alle Damune paa Kristiania Teater, Fru Gundersen; ho
var umaateleg god til aa deklamere. Frøken Neelsen
skulde vera den store Basunengelen; aa kor fin ho var
i den lange kvite Kjolen. Emilie og nokre andre
Smaa-Englar skulde bli nedhissa ovanifraa; og so vart det
berre Englar fraa Tile til Tak. Det vart storlaga.
Alle-saman skulde dei snu Hovude til Kongesessen og sjaa

110

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:26 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1944/0112.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free