Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
fekk sjaa henne her. Ho drog seg fram gjenom alle dei
stillaste Gatur ho visste. Ved kvart Hyrna stana ho og
skygnde; saag ho noko som kunde vera ein Kjenning,
rømde ho.
Stasjonen laag i eit fælt Strok inn-i Piperviki. Paa
Troppi stod Konstablar; alt Slags Folk gjekk ut og inn;
fine Herrar au innimillom; Fanny torde kje sjaa upp;
med Hovude nedbøygt sette ho paa Sprang; her galdt
det Live; alt anna fekk kvitte eitt. Inne paa Kantore
var det ög Folk. Simpelt, fælt Folk; fillute, utsvelte
Ungar; gamle sinte Kjeringar; sjuke, øylagde Mennar,
kven veit: snart kunde det vera einkvar som kjende
henne att fraa Tøyengata. Og so kunde alt koma upp.
Og det vilde gaa som Eld i turt Gras gjenom heile
Be-talingsklassa: Fanny er paa . . .; Fanny hev . . .; ho
torde kje tenkje Setningen til Endes.
Der var uhüglegt i dette audslege, fengselsmyrke
Rome. Desse Folki har gjorde henne rædd. Ho kjende
seg ufin og ufjelg millom deim; det var som ho var
dregi ned i eit Djuv der Sol ikkje kunde naa, millom
vonlaust, bannstøytt Kryp som aldri vann seg upp i
Dagen. Ho torde kje sitja paa desse Benkine. Det var som
eit vondt Varsel aa kjenne seg i Lag med dette Herke
her; ho vart sjuk av aa sjaa paa deim som dei sat der
og krøkte seg ihop langs etter Veggine og stunde av
Vesalldom.
Men ved den graagule Pulten der inne sat han med
Hornbrillune, han den vesle strygraae, nesekvasse
Fa-tigforstandaren, streng som Vaarherre; han ropa upp
Namni paa dei utvalde og skifte ut Gaavune sine nøgje
og nauvt, so at ingin skulde faa for mykje. Dei som
ikkje stod i Bøkane vart burtviste. Dei skulde gaa hit
eller dit, men ikkje koma her; her fekk dei kje noko.
Næste Gongen kom dei att; dei hadde inkje fengi andre
130
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>