- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
132

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

som der var, dei kunde ikkje staa tomme; rike gromme
Folk maatte bu der; og der maatte vera Festar og Lag
og altslags gildt; og mangt løynt maatte gaa for seg i
dei angande Hagane. Kannhende raaka ho ein ung, fin
Herre som saag at ho var ven: so tok han henne med
seg til Lystgarden sin; lét henne lauge seg i Rosevatn
og klæde seg i Kniplingar og raud Silke; daa synte det
seg at ho var den venaste i Verdi; so tok den fine
Herren burt-paa ein Knapp; ei Løyndør gjekk upp; og der
stod William. Eller Torvald. Han var naudfint klædd;
og han var ikkje bljug, men kom og tok henne i
Ar-mane sine. Og so sagde den fine Herren: ja det var
berre, det eg vilde, at de skulde vera sæle. Han klappa
med Hendane; det kom Tenarar og Gjentur og duka
upp eit drustelegt Bord; der var Vin og Frukt og
Ka-kur i Mengd; so gjekk dei sin Veg; og han og ho var
aaleine. Og dei aat og hadde det godt; sidan førde han
henne burt-til Sofaen; der sette dei seg; og so vart
Ljose sløkt; so tok han henne um Halsen og kysste
henne...

Uff; alltid skulde ho tenkje paa slikt, naar ho gjekk
og dreiv. Det gjorde visst aldri Grete. Det var ikkje
fint. Ein skulde ikkje tenkje paa slikt; ikkje fyrr ein
var trulova. Og ikkje daa heller skulde ein tenkje paa
det... Det var ikkje hugsamt aa gaa soleis aaleine.
Og so var det utrygt; ho kunde ikkje slaa seg til Ro.
Ho torde kje setja seg paa Benkine dessmeir; tenk um
det var einkvar som ikkje lika det. Mest alt som me
hadde Hug paa var gali. Um William var her og vilde
kysse henne, so torde ho ikkje; det var gali; det var
ikkje rett. . . Uff, som me var i Tvang. Men naar ein
var framsloppi, so vart det likare. Daa hadde ein ikkje
so mange yvi seg daa; ein var vaksi og kunde raa seg
sjøl aa kalle. Men uff, so var det Vaarh — hm; det

132

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:26 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1944/0134.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free