Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
var so vandt aa liva so at Vaarherre kunde vera nøgd,
ja. Hm.—Nei; det var ikkje hugsamt aa gaa aaleine.
Her var ikkje noko cld> SJ 3,9, heller. Desse Herreborgine
saag heller tome ut. Eit Par Gongir kom det Karar og
tala til ho; men dei var ikkje som ho hadde tenkt. Den
eine Gongen vart ho rædd og rømde. Fyren var so rar;
han kunde gjerne vera ein av dei Fælingane som
Karoline fortalde um . . . Fanny vart reint skjelvande. Det
var noko paa Kvelden, daa ho kom heim; ho Mor var
sinna. Det skulde sjaa ut! sagde ho; du skal vel ikkje
til aa renne ute um Kveldane som ei Gatetaus? — Me
fær vone at ingin hev set deg av deim som kjenner oss.
Uff; det er eit Mas utan Ende med desse Borni. Du
skulde no liksom snart bli Folk, du no; men nei; hev du
ikkje Mor di i Hælane paa deg, so er du før til aa bera
deg aat som ei Slarvetaus. Du skulde skjemmast eit
Grand. So; ét no og legg deg og bed Vaarherre hjelpe
deg! — Fanny slutta med Kveldsferdine sine paa
Drammensvegen.
Ein Dag ho gjekk og dreiv i Karl-Johansgata og saag
paa Krambuine, raaka ho Ingeborg og Anna. Dei skulde
paa Universitete og sjaa utstoppa Dyr. Fanny slo Lag.
Det var morosamt. So mykje rart hadde Fanny aldri
set; og det gildaste var naar ho raaka paa gamle
Kjenningar fraa Naturhistoria. Det var ein makalaus snild
gamall Mann som fylgde deim rundt og fortalde for
deim; det var ein Professor, sagde Ingeborg. Han visste
fælt mykje; og daa dei skulde gaa, bad han deim koma
att. Dei gjekk fleire Gongir paa Dyre-Samlingi. Og
Professoren vart meir og meir hugsam. Han lét deim
sistpaa koma inn i Ser-Rome sitt; der hadde han det
alra-gildaste; og der forklaara han for deim alt som
kom Dyri ved, baade om Skapnaden deira og
Livemaa-ten. Han lagde ut alt so vel, at det vart heiltupp leidt
133
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>