- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
208

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Literatur, Frøken ? — Ja, eg veit ikkje... — Ja me her
heime hev no ikkje nokon Literatur; for De vil daa
ikkje koma med slikt noko som denne Landsens Hæst
uppi Gausdal, som berre ligg og preikar um Jepublik
og slikt noko .. — Ibsen —? vaaga ho vart; er ikkje
han —? — Ja Ibsen; det er endaa noko; han hev daa
so mykje Vit at han etterliknar ein verkeleg Diktar;
men elles skal eg segja Dykk, Frøken: der er ikkje meir
enn ein Diktar i Verdi; der er berre ein. Han venta at
ho skulde gjeta; ho torde ikkje. Ja no trur De vel,
heldt Aas fram, at eg meiner Shakespeare; alle Folk so
kjem dei med denne keidsame Shakespeare; nei ser De!
Henrik Heine, det er Diktar det. Bu hast Diamanten
und Perlen, hast alles, was Menschenbegehr, und hast
die schönsten Augen; mein Liebchen, was willst du
mehr? — Ho skyna det um die schönsten Augen; han
sagde det so at det vart ein fin Ros til henne.

Aas lét seg føre fram for ho Mor, og var hyggjeleg
mot henne med. Ho Mor vart svært fornøgd; ja sjaa
det er ein Herre, sagde ho. Fanny smilte sælt; Hjarta
hennar banka under det blaae Kjolelive. —

— Ein Sundag seinare raaka Fanny han att paa
Karl-Johan. Ho raaka han att oftare. Han tok til aa gjera
Kur paa Aalvor.

Han tok henne med i Teatre og paa Kakebui, paa
Konsertar og paa Turar. Stundom var ho Mor med;
men for det meste var dei aaleine. Han venta paa henne
utanfor Krambui um Kvelden og fylgde henne heim;
han fylgde henne heim um Middagen ög stundom. Det
gjorde ikkje honom noko at ho var Krambugjente; han
var i Sanning fin. Aa Gud; ho heldt visst av han. Tenk,
um ho kunde faa frelst han. Han var eit fælslegt
Verds-barn.

Ikkje for alt i Verdi maatte han forstaa at ho var

208

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:26 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1944/0210.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free