Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
gudeleg; so vesall var ho; so laak var ho; men ho bad
for han. Ho vart meir ihüga i Bøni enn nokosinn; og
Bønine hennar vart so varme at ho totte Gud maatte
høyre deim. Kvar Gong ho raaka han att saag ho etter,
um han ikkje skulde ha vorti meir aalvorsam no. Men
nei; han var det same glade Verdsbarne som han hadde
vori.
So freista ho aa hjelpe Vaarherre. Um Sundagane,
naar dei gjekk og dreiv, fekk ho han med paa
Kyrkjegarden; naar han fekk Dauden so nære, kunde han vel
koma til aa tenkje seg um. Bien, warum nicht? sagde
han og gjekk med; so gjekk han millom Gravine og
tala um Moro og Musik som elles. Det beit inginting
paa han. Sistpaa vart han leid av Kyrkjegarden. Herre
Gud, kann me ikkje finne mindre grøtelege Stadir aa
drive paa daa, sagde han. Ho lo og gav upp Voni. Han
var i Grunnen eit stort Barn. Vaarherre fekk hjelpe ’n
naar hans Tid kom. Han var gild som han var no
ög daa.
XVII.
Gamle Houen sagde aldri eit Ord; Fanny var stød
paa, at han var misnøgd. Ho gjorde nok det ho kunde.
Forsømde aldri ein Minutt; var paa Staden sin um ho
so ikkje var frisk; gjorde meir enn ho var nøydd til;
greidde so kvikt med Folk, at dei helst kom til aa kaupe
meir enn dei vilde; laug til Bate for Husbonden sin,
so ho laut undrast paa det sjølv; men nei; aldri eit
Ord. Han var misnøgd. Jomfru Stange maatte ha vori
glupare. Fanny torde ikkje kny um Lønspaalegg; takke
Gud, um ho ikkje vart uppsagd. For eit raadlaust,
ubrukelegt Menneskje ho var; um ho briika seg av all
si Magt, so dugde ho ikkje til so mykje som aa selja
Lereft.
14 — Garborg II.
209
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>