- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
210

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Men ein Dag sagde Houen eit Ord som var jamgodt
med tusund; han lagde paa Løni for henne. Ho skulde
hava firti Kronur Maanaden no. Fanny sprang heim og
fortalde det baade med Graat og Laatt; heile Ekeberg
var falli fraa Hjarta hennar, sagde ho; ho tok heiltupp
til aa faa Vyrdnad for seg sjølv. Daa gjekk ho Mor ut
og henta heim ei Flaske Bokk-01. Jamenn lyt me ha
Raad til aa ha det lite koselegt i Kveld, Gjenta mi.
sagde ho.

Og no gav ho Mor fraa seg alle sine Søkjarar so nær
som Assessorfrua. Henne vilde ho halde paa for god
Vénskaps Skuld. Ho totte visst og det var svært gildt
aa bli henta med Hest; — «stend dei i Glase hjaa
Larsen no ?» kviskra ho gjerne med same ho skulde køyre. —

— Fanny vart ikkje rikare enn fyrr. Men ho tok seg
Raad likevel til aa leige eit Fortepiano.

Det var eit gamalt firkanta Hakkebrett som ho fekk
for halvonnor Krone um Maanaden. Nokre lette
Musik-Stykke fekk ho laant hjaa Fru Kahrs, som elles no
heldt Sengi. So sat Fanny og klimpra og spéla so ofte
ho hadde ei Stund. Det var ikkje mykje Ljod i den
gamle Kassa. Men Tonen var ven. Der var noko spedt
og fortenkt ved han, noko dust, drøymande, harpelint;
han song um gamle Stogur med sin Fred, um gamle
Fruir med sine Minne. So kunde det raake ein Sundag
Fyrimidag, at Aas kom upp; daa song han; og ho spéla
til og gløymde all Heimsens Møde. Ho var den unge
Gjenta i Kunstsamlingi; det symjande Langsyn i Auga
sagde, at ho bygde drøymande Venleiks-Rike; Susen fraa
det gamle Klavére vart Musik, Tonebylgjur som
Songar-skipe hans siglde pa. Alt vart Ljos og Sæle; Tonane livde
og tala; dei norske Fjelltonane fekk henne til aa læ med
sin trollske Skjemt, og ho vart kjensleveik av den mjuke
Sorg i dei slaviske og magyariske Folkelundar.

210

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:26 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1944/0212.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free