Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
at Digtaren Bjørnson skulde vera Konge i Staden for
Oskaj den andre. Folkehøgskulen? — ein Stad der
Bondegutar vart lærde upp til aa tala paa Vers og liva
av Solskin og Laan i Hypothekbanken. Vilde ho vita
meir, so sagde han: aa nei Herre Gud, lat oss no vera
Folk og ikkje snakke Politik daa! Politik ser De, det
er noko som kann høve for Listerbøndar og Lagsmennar
i Kristiania Arbeidarsamfund; det er ikkje for oss som
er betre vane!
Aas gav seg ikkje innpaa aalvorsame Ting; og gjorde
han det, so vart det aalvorsame au lettvint. Det kunde
gaa mest for vidt. Ein Gong fortalde han, ende fram,
reint som inginting, at Gabriel, Vén hans, var
Fritenkjar. Jøss! kva er det De segjer, braut ho av; De
maa daa ikkje segja slikt lel! — Herregud, naar det er
sant? — Sant! Og slikt eit Menneskje kan De ha Lag
med? — Ja det kann eg vel? Det vert daa ikkje mi
Sak det ? — Nei men ... det maa daa vera fælsleg
uhug-legt! — Ja eg tykkjer det er Tull av han eg, sagde Aas;
for De kann daa skyna me maa tju paa Vaajhejje... ja
meiner ikkje De au det? Kammeratane mine segjer at
dette berre er noko eg gjeng og spjaakar med; men eg
forsikrar Dykk paa: eg skynar ikkje koss me skulde
greide oss, um me ikkje hadde Vaarherre! Sjaa no berre
som dette: der ligg ein Mann og er reint klar. Me kunde
vaage Toppen paa, at han ikkje liver til i Morgo. Naa;
so feil han burt og ligg der ei Stund; og so med ein
Gong kviknar han til att, og blir so frisk som ein Fisk
og liver i mange Hejjens Aar. Slikt noko lyt ein daa
hava som ei Forklaaring paa, kann De skyna. Eg held
med Lochmann, eg; me hev mykje Bruk for Vaarherre
i Medisinen. Nei men no skal eg fortelja Dykk noko
som hende nedpaa Mat-Stogo igaar; eg skal segja Dykk,
alt Folk er so upp i Under paa kva det er for ei fin
212
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>