- Project Runeberg -  Skriftir i Samling / II. Hjaa ho mor /
216

(1908) [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Ein Gong raaka ho Aas hjaa Magnesen; der song han
med’ Grete spéla, og Fanny var so aabruig at ho snaudt
kunde dylja det. Sidan hende det oftare at dei var i Lag
med Grete; det var som ho vakta paa, naar dei var ute
og dreiv. Og ho gjorde seg til for Aas, so det var reint
ufysi. Fanny totte Aas burde skyna kor simpel Grete i
Røyndi var; men han gaadde ikkje det Slag; rødde med
Grete plent som med Fanny, og um nett dei same Ting;
ho vart sinna Gong etter Gong, og tok Hemn ved aa gaa
Turar med Moe, Lagerdrengen. Ein Sundag Fyrimiddag
rødde Aas mest berre med Grete; det var um noko
Musik, som Fanny ikkje kjende til; etterpaa baud han
deim baae tvo med seg paa Teatre. Grete sagde ja
Takk; men Fanny svara nei. Ho var so harm at ho
knapt kunde styre seg. — Uff, det var leidt, sagde Aas;
skal De nokon Stad av daa? — Ja, svara Fanny, eg
skal vera med Moe i Arbeidarsamfunde! — I Arb—?
Aas spilte Augo vidt upp. — Ja. God Moro i Teatre,
adjø! — Ho gjekk; det var so vidt ho klara Graaten.

I Røyndi kom ho til aa gaa i Arbeidarsamfunde. Moe
gjekk med, so viljug som eit Byböd; han var so velsigna
snild. Det var slett ikkje ille der nede. Det var noko
dei kalla «selskapeli Sammenkomst»; der var
Upples-nad, Musik, Song; sistpaa skulde det jamvel vera Dans;
ho raaka Kjenningar fraa Aalmugeskulen og fekk nye
Kjenningar; det var hyggjelegt, og ho kom i Godlag. Ho
vart førd saman med ei ung, kvik, vitug Gjente som
heitte Helga Thorsen, og med ein kvat Kar av Namn
Markussen — Markus Olivarius vart han kalla; i Lag
med deim og Moe sat ho i Restaurasjonsrome og hadde
Moro ei lang Stund. MarkusSfen var svært løgleg.
Nærsagt mest naar han lo sjølv; han lo so Take kunde lyfte
seg fraa Veggine. Han yvihøyrde ho i alle
Lærdoms-greinir; i Landkunna fekk ho det Spursmaale: kva

216

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:50:26 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gaskriftir/2-1944/0218.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free