Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
brydde seg elles ikkje um Politik. Fanny raudna; uff,
dette klara ho visst ikkje; eg meiner kje nettupp det
absolute Veto, sagde ho; det maa de Juristar forstaa;
men eg tykkjer dei burde hava Straff, alle dei som held
paa ’det me hev’! — ha! ha! ha! ha! — Gram saag
paa henne; paa dei Præmissur kunde han au vera med
og døme elleve Ministrar fraa Live, sa han.
Stud. filos. Dagmar Dyring kom; daa dei hadde eti,
sette dei seg til Toddyborde. Dagmar og Gram kom
strakst i Ordskifte; Dagmar fekk Hjelp av Helga;
Markussen var Slingringsmann. Fanny sat att-yvi i ein
Ruggestol og saag paa Gram med Augo halvt attlatne;
det var forunderlegt so godt som ho kjende han. Ho
hadde alltid kjent han. Naar det kom til Stykke var
han den einaste ho kjende i Verdi. Det kom slik ein
Tryggleik yvi henne; ho vilde vera her. Ho vilde bli her.
Det var stuslegt alle andre Stadir; men her var Ro. Ho
vilde ingin annan Stad av; det var ei underleg Kjensle.
Gud, som han var Overmann. Dagmar røynde seg
det beste ho kunde, men kom ikkje upp. Ho kom
køyrande med alt sitt gamle Snakk; Fanny kunde det
utanbokes for lengi sidan; han stogga henne med aa
segja noko nytt, noko uventande, noko som gjorde Saki
større og djupare; ho fekk kannhende Rett, men paa
ein annan Maate enn ho vilde. Berre ender og Gong
fekk ho eggja han sint. Daa vart Maalbrigde hans so
barnslegt og morosamt.
Han forstod alt og orsaka alt; sette kje upp Krav,
men forklaara. Me kan ikkje lyfte oss upp etter Haare,
Frøken! sa han; Herregud, Frøken, ein tarv daa ikkje
gaa til Grunns, for di um ein rettar seg etter det som
ikkje annarleis kann vera. Kva gjorde Kjeringi daa ho
var komi i Ulvestogo? Ho tok det vitugt, for Fanden,
og godstelte seg med Beisti; men dermed vart ho daa
253
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>