Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
meraten hans —? Ho gjorde seg ei Fyrisyning av denne
vituge Kvinna, og tok til og hata henne i all Løynd.
Han hadde ei Fritid paa tri Vikur; so lange tri Vikur
hadde ho aldri livt. Til Slutt vart det Ende paa deim
med; og bivrande ottesam søkte ho dei gamle
Møte-stadine deira. Han var der ikkje. Dag etter dag venta
ho han; men han var ikkje aa sjaa.
Ho tok Fæla; og ein Dag i Departementstidi vaaga
ho seg upp i Huse der han budde og spurde etter han;
jau, han var attkomin. Gudskjelov; so var det daa
ikkje den Hugsnikja i Bergen ... Han maatte hava
annvint. Eller han var komin i Eving um eitkvart;
kann hende var det dette um «Folkesnakke», som han
stundom hadde tymta paa. Liksom det ikkje kunde
vera det same kva simpelt Folk trudde! Og godt Folk
tenkte ikkje so laakt. Sjaa Ebba Lehmann; dreiv ikkje
ho ikring med det unge Sködespélar-Emne baade Dag
Natt; og det var ingin Hund som gøydde for det?
Dessutan, ofre sitt Liv for Folkesnakke Skuld ... ingin
kunde krevja det av henne, som aldri hadde livt; daa
visst vilde ikkje han vera so hard; og um han kunde
vera det, so vilde han i minsto lata henne faa velja
sjølv; han vilde ikkje tru seg hava Rett til aa raade
yvi hennar Liv etter sitt Tykkje ... Aa Gud, ver naadig
mot meg; aa Gud! ver naadig . . . berre denne eine
Gongen!
Ho raaka han endeleg paa Gata ein Dag. Han helsa
snøgt, lite fortryllt; sagde eitkvart som ho i den Øsingi
knapt nok forstod; gjekk so att; hadde mykje aa gjera,
sagde han. Gud, kva skulde ho tru; Gud! kva skulde
ho tenkje . . .
Kunde han ha høyrt noko? Kunde det vera einkvar
god Vén som hadde gjort henne mistenkt for han? Det
hadde ein Gong vori Folk som hadde kalla henne «Fru
18 —Garborg II.
273
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>