Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
— Ja; aaja; — jau, det greidde seg vel... Men.. .
er det Meiningi di?
— Skriv til Tollaren, Mor. Vil han hava den Filla
som er av att meg no, so skal han faa ho; men ho kostar
ei Italiaferd.
Ho Mor vart som fortulla. Ho var aat aa renne til
Byen i Laddar; ho hadde so nær gløymt Hanskane ...
Eg skal no inn i Byen likevel, stota ho; kaupe noko
godt til Middags aat Krulltoppen min; og so kunde eg
kanskje raake honom med same . . .
— Det gjer du visst, Mor. Adjø. —
— — Fanny seig attende i Stolen og lét att Augo.
Ein kann hoppe ut fraa Dampskipe, mulla ho.
Med ein Gong treiv ho den gamle Spegilen. Aa jau;
no saag ho ut! «Nu falder Løvet, nu kan Verden faa
mig.» Plent som det skulde vera: gul ... Kva i Guds
Namn var det? Eit Strik? — eit lite fint, kvasst Strik,
ein Tanke til eit Strik ... fraa Nasevengen ned-yvi til
Munnviki... Aa langifraa. Jau! Jau! Ved Gud! —
Det var der; og det Strike var nok ikkje til aa taka i
Miss av.
— Der hadde Krulltoppen si fyrste Rukke.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>