Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
I.
UTANFOR, i Vest, bryt Have paa mot ei sju Milir
lang laag Sandstrand.
Det er sjølve Have. Nordhave breidt og fritt, ukløyvt
og utøymt, endelaust. Svartgrønt og salt kjem det i
veldig Rulling veltande inn or dei vestlege Himlar,
drtvi av Storstormane Fraa Nordisen og Kanalen,
køyrande sine fakskvite Brimhestar fram or Havskodda so
Skumskavlen stend, durande sin djupe Æveheims
Orge-tone fraa dei ytste Avgrunnar. So støyper det seg
mot Strandi og krasar seg sund i kvit Foss, med Dunk
og Dyn og lange Brak, døyande burt i døyvt Dunder.
Upp fraa den laage Sandstrandi tøygjer seg eit armt,
graatt Land med lyngbrune Bakkar og bleike Mvrar,
yvi-saatt med Kampestein, trelaust og berrt; avstengt
mot Aust med ein lang, laag Fjellgard. Endelaus synest
den nakne Heid. Men her og der blaanar ei einsleg
Tjønn som ligg og gror att, eller eit stort stilt Vatn.
Her susar Vinden Dag og Natt. Og Graa-vére ligg
laagt yver Viddi, der Haren rømer fraa Stein til Stein,
og allslags brun og spettut og vill Fugl ligg i løynde
Reir og blinkar og blundar.
Yvi det heile spanar Himilen seg vid og graa, fraa
Fjellgarden til Havs og so vidt ein ser, — det einaste
ljose yvi Tilvære. Den hev ein for Augo kvar ein
gjeng. Full av Skyir og Storm heng han mest alltid.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>