Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>
Below is the raw OCR text
from the above scanned image.
Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan.
Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!
This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.
4
FRED
Stundom sig han aat Jordi og sveiper Lande i Regn
og Skodd som i ein Duk. Og det regner og regner til
Lande fløymer.
Her og der uppetter Bakkar og Rés kryp laage Hus
ihop i Smaakrullar som søkjande Livd. I den tette
Lufti hildrar dei seg halvt burt, sveiper seg i Torvrøyk
og Havdis som i ein Draum; stengde og stille ligg dei
burtetter Viddine som Tusseheimar. Rundt Husi
skimtar det fram bleike grøne Flekkir av Aaker og Eng
som Øyar i Lyngviddi; kvar Bite og kvar Lepp er
avstengd og innlødd med Steingjerde*som lange Røysir.
I desse Heimane bur Folke.
Det er eit sterkt, tungt Folk, som grev seg gjenom
Live med Gruvling og Slit, putlar med Jordi og
granskar Skrifti, piner Korn av Aur’en og Von av sine
Draumar, trur paa Skillingen og trøyster seg til Gud.
II.
Kald og roleg laag Haustdagen yvi Hav og Land.
Det leid imot Kvelden.
Himilen var graaslørd; Soli burte attum Tdkebakken
i Vest; her og der laag lange blaae Strimeskyir og
kvilte.
Det hadde blaasi i Dag, men var avstilna att, som
ofte mot Kvelden. Det var stilt so ein kunde høyre sitt
eigi Andedrag.
Myrkningi kom sigande blaa og kald. Sus av Æar
og Bekkir skar kvast gjenom Lufti. Høgt yvi Heiane
siglde tvo store svarte Fuglar mot Vest. Langt inne i
Nordaust mekra Ryssegauken, kneggjande som ein
Helhest.
Det kvakk i han Enok Höve, der han skrangla ned
Haalandsbakkane paa Bykjerra si. Denne Djevlelaatten
i Kveldstilla høyrdest so fælsleg. „Høh, Brunko!" —
best aa drive paa no. Det var enno eit godt Stykke heim.
<< prev. page << föreg. sida << >> nästa sida >> next page >>